NRK Meny
Normal

Regjeringa droppar tvang: – Hadde ikkje anna val, seier Giske

– Regjeringa hadde ikkje anna val enn å droppa tvangssamanslåing av høgskular, seier Trond Giske (Ap). Ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er gleda stor over å få bli verande sjølvstendig – inntil vidare.

Trond Giske

FORNUFTIG: Trond Giske (Ap) meiner det er fornuftig av Regjeringa å ikkje bruke tvang til å slå saman høgskular.

Foto: Gorm Kallestad

– Eg tykkjer det er skikkeleg bra at Regjeringa ikkje vil bruka tvang, fordi høgskulen fungerer godt slik han er i dag, seier andreårsstudent Vilde Ivarhus ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF).

Ivarhus og Anna Martine Jonsson studerer faget Idrett og helse og ventar på at den andre timen i førelesinga skal byrja.

– Eg trur det er viktig for Sogndal og området rundt at HiSF står for seg sjølv, seier Jonsson.

(Artikkelen held fram under)

Anna Martine Jonsson og Vilde Ivarhus

SJØLVSTENDIGE OG GLADE: – HiSF fungerer godt slik han er i dag, seier studentane Vilde Ivarhus (t.h.) og Anna Martine Jonsson, som er glade for at Regjeringa ikkje vil bruka tvang for å slå høgskular saman.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Letta på sløret

Det var i dag tidleg at statssekretær Bjørn Haugstad (H) i Kunnskapsdepartementet letta på sløret og kunngjorde at Regjeringa – i stortingsmeldinga som kjem 27. mars – ikkje vil slå mindre høgskular saman med tvang.

– Å basera seg på frivilligheit er ei fornuftig tilnærming, seier Trond Giske (Ap), leiar i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget.

Også Regjeringa sine to støtteparti, KrF og Venstre, applauderer avgjerda.

– Dette er gledeleg. Hadde institusjonane blitt tvinga til å slå seg saman, hadde det gjort prosessane trøblete og ville ha drepe entusiasmen som trengst for å skapa god utdanning, seier Anders Tyvand (KrF).

Letnad og glede

HiSF-leiinga er letta i dag. Dei har kjempa ein krevjande kamp for å få bli verande sjølvstendig eining, med eigen rektor, eige styre og budsjett. Regjeringa har nemleg pressa hardt på for å slå dei mindre høgskulane saman til større einingar.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) meiner det vil gi betre forsking og utdanning. Og Høgre-statsråden har ikkje sett bort frå at han vil bruka tvang for å få det som han vil.

– Eg kan ikkje avvisa at me kjem til å ta avgjerder som me har makt og mynde til, sa Røe Isaksen då han vitja HiSF 27. januar i år.

To månader seinare er det altså ikkje aktuelt for Røe Isaksen å henta fram riset bak spegelen.

– Svært gledeleg, sa HiSF-rektor Åse Løkeland tidlegare i dag.

– Lytta til opposisjonen

Også andre høgskular har trassa regjeringa, som Volda, Hedmark og Østfold, men det er truleg i Sogn og Fjordane debatten har gått mest høglydt.

HiSF meiner dei kan få til betre forsking og utdanning som sjølvstendig eining, men samstundes gjennom eit tett samarbeid med andre.

Dette synet har dei òg målbore for alle dei politiske partia som har vitja høgskulen dei siste månadene. Lobbyarbeidet har gitt resultat: Dei siste vekene har det blitt klart at Regjeringa ville ha fått store vanskar med å få fleirtal i Stortinget for eit nytt høgskulekart med bruk av tvang. Kunnskapsministeren hadde ikkje anna val enn å leggja vekk den trusselen, meiner Giske:

– Sjølv om Høgre hadde villa tvangssamanslå høgskular, ville det ha sete langt inne å få fleirtal for det på Stortinget. Slik sett har regjeringa lytta til opposisjonen, og det er positivt.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.