Hopp til innhold

12 av 17 departement klarar ikkje skrive nok nynorsk

Nesten alle departementa bryt si eiga lov. Berre fem av 17 departement held seg innanfor mållova, ved å skrive minst 25 prosent på nynorsk. Det er to færre enn i fjor.

Nynorsk

SLIT: Berre fem av 17 departement klarar å halde mållova og skrive minst 25 prosent nynorsk.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

– Det er ei neglisjering av nynorskbrukarane sine rettar, og det tykkjer eg er trist, seier leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø.

«Dei gamle fjelli» av nynorskgrunnleggjar Ivar Aasen fekk sin eigen folkelege musikkvideo i Språkåret 2013.

Året der nynorsken skulle styrkast, dyrkast og hyllast. Same året braut 12 av 17 departement si eiga mållov.

Er ansvarlege for lova – men bryt ho

Berre fem departement greidde å skrive minst 25 prosent nynorsk, syner deira eigen statistikk.

– Det er alvorleg og ikkje bra, seier statssekretær i kulturdepartementet, Bjørgulv Vinje Borgundvaag.

Det er dei som er ansvarlege for nynorsken og mållova. Sjølv greier dei berre å skrive om lag 21 prosent nynorsk, og bryt dermed lova.

– Eg meiner det er svært uheldig når departementa ikkje følgjer dei lovpålagde pliktene som dei har. Dei skal gå føre med eit godt eksempel, seier Borgundvaag.

– Kor pinleg er det?

– Det er pinleg, seier Borgundvaag.

Har gjort tiltak, men dei verkar ikkje

Tala syner eit vekta gjennomsnitt av stortingsdokument, meldingar og andre skriv frå departementa. I 2012 var det sju som greidd å følgje lova. I fjor var det berre fem. På botnlista då låg helsedepartementet, og departementsråd Bjørn-Inge Larsen.

– Eg har ingen god grunn til det. Eg trur det må vere at vi ikkje har ein god kultur og rett haldning til bruk av nynorsk i dokumenta våre, sa Larsen i 2012.

Bjørn-Inge Larsen

INGEN GOD GRUNN: Departementsråd i helsedepartementet, Bjørn-Inge Larsen, har inga god forklaring på kvifor dei ikkje klarar å følgje mållova.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

No har dei klatra to prosentpoeng til 9,1 prosent, og den same Larsen er like lite nøgd.

– Det er ikkje bra. Vi har for så vidt gjort nokre tiltak for å bli betre på bruken av nynorsk. Men når eg ser denne statistikken, så har ikkje dei tiltaka verka, seier Larsen.

– Kva vil du gjere no?

– Ein må lese denne statistikken med veldig fin lupe for å sjå at det er blitt betre i 2013 enn i 2012. No må vi ta ei drøfting og bli samde om korleis vi skal få dette til å bli betre, seier Larsen.

Trur det handlar om vilje

Leiar Marit Aakre Tennø i Noregs Mållag meiner årsaka er manglande vilje.

– Det statistikken også viser er at dei departementa som har hatt statsrådar som også er opptekne av at ein skal følgje mållova, klarar det. Det betyr at kompetansen finst i departementa, men det må også finnast vilje til å oppfylle måla, seier Tennø.

– Eg kan forstå at dei stiller spørsmål ved det, når det skjer så lite frå det eine året til det andre, seier Larsen.

I landbruksdepartementet overoppfyller dei lova med heile 51 prosent nynorsk. Der sit statssekretær og nynorskbrukar Hanne Blåfjelldal frå Framstegspartiet. Ho kom til stillinga frå å vere lærar i Høyanger.

– For min del er det slik at eg har bedd om at alle talar og notat som går ut frå meg, skal vere på nynorsk, seier Blåfjelldal.

Hanne Blåfjelldal

ALT PÅ NYNORSK: Statssekretær Hanne Blåfjelldal (Frp) i landbruksdepartementet stiller krav om at alle notat og talar som ho skriv, skal vere på nynorsk.

Foto: Benedicte Hole / NRK

– Kva kan andre departement lære av landbruksdepartementet?

– Eg trur nok tala vil variere litt frå år til år. Det kjem litt an på kva meldingar og proposisjonar som vert lagde fram, og kor mange som vert lagde fram. Men eg trur nok alle departement sikkert kan gå i seg sjølve og sjå på kor flinke dei er til å ha eit medvite forhold til mållova, seier Blåfjelldal.

Mykje blir lettare å forstå på nynorsk

Ho meiner nynorsk egnar seg godt som både byråkrat- og administrasjonsspråk.

– Ja, absolutt. Einskilde gonger faktisk betre. Når eg finn formuleringar som eg slit med å forstå på bokmål, så brukar eg å omsetje dei til nynorsk. Då tykkjer eg faktisk det vert betre og lettare å forstå, seier Blåfjelldal.

Kulturdepartementet arbeidar med ei ny mållov. Statssekretær Vinje Borgundvaag kan ikkje fortelje innhaldet. Men han lovar å stramme opp sine regjeringskollegaer.

– Vi skal jobbe hardt og ta tak i dette med dei andre departementa, og understreke at det ikkje er valfritt å oppfylle denne lova. Det er noko ein skal gjere, seier Borgundvaag.

– Så viss vi kjem tilbake neste år med ein statistikk som syner at utviklinga nok ein gong har gått feil veg, kva då?

– Det er ikkje lett å svare på no. Men eg kan love at eg skal gjere det eg kan for å understreke for dei andre departementa at dette er noko som skal følgjast opp, seier Borgundvaag.