Hopp til innhold

Regjeringa ber UiB vurdera Vestlands-universitet

Regjeringa vil likevel at Universitetet i Bergen vurderer eit stort Vestlandsuniversitet. Dei nye tonane kjem etter at Høgskulen i Sogn og Fjordane har opna for ei gradvis samansmelting i landsdelen.

HiSF, UiB, HiB og HiVo

EI STOR EINING? Høgskulen i Sogn og Fjordane (f.v.), Universitetet i Bergen, Høgskolen i Bergen og Høgskulen i Volda.

Foto: NRK

Bjørn Haugstad

VIL HA UiB PÅ BANA: Statssekretær Bjørn Haugstad (H) i Kunnskapsdepartementet likar tanken om ein storuniversitet på Vestlandet.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Me er sjølvsagt veldig interesserte i å få Universitetet i Bergen (UiB) si vurdering av situasjonen. No har me styrevedtak frå høgskulane i Bergen og Sogn og Fjordane (HiSF), og me veit kva Høgskulen i Volda vil framover, seier statssekretær Bjørn Haugstad (H) i Kunnskapsdepartementet.

Skaut fart på nyåret

Tanken om eit storuniversitet på Vestlandet fekk for alvor vind i segla på nyåret. I januar tok HiSF-styreleiar Heidi Kathrin Osland til orde for ein slik storfusjon mellom høgskulane i landsdelen og UiB.

Men UiB sa nei til dette. Det kunne dei gjera fordi kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) gir dei lov til det. Statsråden meiner nemleg at universiteta ikkje treng å fusjonera, fordi dei er store nok i seg sjølv.

Vil ha ny vurdering

Dag Rune Olsen

AVVENTANDE: UiB-rektor Dag Rune Olsen vil orientera universitetsstyret om Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) si opning for eit storuniversitet på Vestlandet.

Foto: UiB

Men torsdag i førre veke blei realitetane endra. Då fatta HiSF-styret eit todelt vedtak. Styret stod fast på sjølvstendelinja, men med eit forpliktande samarbeid med andre. Som ein plan B opna høgskulen opp for ei gradvis samansmelting med UiB og høgskulane i Volda og Bergen, med tanke på å oppretta eit fleircampusuniversitet på sikt.

Reaksjonen frå Regjeringa let ikkje venta på seg: Der Kunnskapsdepartementet tidlegare freda UiB, ber statssekretær Bjørn Haugstad no UiB-styret sjå på saka på nytt:

– Når det føreligg eit vedtak frå HiSF som så tydeleg peikar på UiB, vil det vera naturleg at UiB gjer ei vurdering av det.

UiB avventande

Spørsmålet kjem opp i UiB-styret på torsdag, men som ei orientering. Rektor Dag Rune Olsen er avventande til HiSF-vedtaket:

– Me veit ikkje kva det konkret vil medføra. Det må me fyrst få på bordet, så får me baka det inn i eit styreframlegg til neste styremøte, eventuelt.

Åse Løkeland

GLAD FOR Å BLI HØYRT: Rektor Åse Løkeland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Olsen har tidlegare tilbydd HiSF ulike former for fagleg samarbeid, utan at det er snakk om fusjon. Leiargruppa ved HiSF skal i dag gi UiB ei tilbakemelding, som er konkret på kva dei ønskjer samarbeid om.

HiSF-rektor Åse Løkeland er glad Regjeringa ber UiB sjå på saka ein gong til:

– Det er positivt at Regjeringa legg vekt på det som er ønsket frå HiSF. Begge våre alternativ i styrevedtaket peikar i retning av samarbeid.