Hopp til innhold

Regjeringa ber om innspel på fylkesmannsstruktur

No har kommunane, fylkeskommunane og politikarar sjansen til å seie sitt om framtida til fylkesmannen. Regjeringa sitt ekspertutval har kome fram til tre ulike modellar for ny struktur.

Anne Karin Hamre

VIKTIG Å KJEMPE: Regionreforma er vel så viktig som kommunereforma, seier Anne Karin Hamre. Ho meiner Sogn og Fjordane har all grunn til å kjempe for å få hovudsetet i ein ny fylkesmannstruktur.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Prosjektgruppa ber no om innspel. Den framtidige inndelinga av fylkesmennene betyr mykje for både fylkeskommunar, kommunar og andre delar av regional stat. Det er difor naturleg at dei også får seie noko om tilnærminga i dette arbeidet, fortel Svein Berbu, avdelingsdirektør i Statsforvaltingsavdelinga i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Den førebelse rapporten inneheld ikkje konkrete anbefalingar og er ikkje handsama politisk i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, men prosjektgruppa har landa på tre ulike modellar, og ber no om ei innspelsrunde som dei skal ta med seg i det vidare arbeidet.

Her er modellane:

  • Konsolideringsmodell: Små endringar av dagens struktur (14–17)
  • Regionmodell: Eit tal mellomstore embete (8–13)
  • Landsdelsmodell: Eit tal store embete på landsdelsnivå (4–7)

Vert ikkje lagt opp til ny høyring

Fram til 14. oktober kan difor både kommunar, fylkeskommunar og politikarar kome med sine innspel for å påverke vedtaket.

– Då vil vi og prosjektgruppa arbeide vidare med konkretiseringa av dette i lys av dei innspela som vi måtte ha fått. Vårt oppdrag og mandat er at den endelege utgreiinga skal vere ferdig i løpet av 2016, fortel han.

Det betyr at dei gjer ferdig utgreiinga samstundes som den såkalla «nabopraten» går føre seg mellom fylkeskommunane, som ein del av regionalreforma.

– Då får kommunalministeren og regjeringa moglegheit til å vurdere desse prosessane i samanheng, fortel Berbu.

Vidare vil det kome ei politisk avgjerd i 2017. Det er ikkje lagt opp til ny høyring av fylkesmannsstrukturen etter denne innspelsrunden.

– Utgreiinga og anbefalinga vil ligge føre som ein del av ministeren sitt avgjerdsgrunnlag og deretter vert det ei politisk handsaming av dette spørsmålet, seier Berbu.

– Så det er no kommunar, fylkeskommunar og politikarar har høve til å seie si meining?

– Ja, det er det, seier Berbu.

Bør kjempe for å få hovudsetet

Fylkesmann i Sogn og Fjordane, Anne Karin Hamre, seier det er viktig at fylket er merksame på prosessane også rundt regionreforma.

– Det er nok kommunereforma som har fått mest merksemd, men det er klart at regionreforma betyr mykje for å ha regionale arbeidsplassar i fylket, seier ho.

Hamre trur at regionmodellen veg tyngst, og at ein dermed ikkje kan rekne med å ha ein fylkesmann i nesten kvart fylke slik som i dag. Viktige statlege arbeidsplassar kan difor stå på spel for fylket.

I Trøndelag har til dømes Steinkjer fått fylkesmannsembetet og fylkesadministrasjonen medan Trondheim har fått den politiske leiinga.

– Kan noko slikt skje mellom Hordaland og Sogn og Fjordane?

– Sogn og Fjordane bør kjempe for å få hovudsetet, men viss det ikkje går slik, så bør ein jobbe for at ein får halde på kompetansearbeidsplassar her i fylket.