NRK Meny
Normal

Regjeringa avgjer sjukehusstriden

Sjukehusstriden i Sogn og Fjordane blir avgjort av regjeringa.

Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus

TRUGA: Regjeringa skal avgjere framtida til lokalsjukehusa i Lærdal og Eid.

Foto: NRK

Jakta på løysinga som Ap, Sp og SV kan leve med, er alt starta, skriv Bergens Tidende.

- Saka er løfta opp på regjeringsnivå. Heile regjeringa skal inkluderast i arbeidet med å godkjenne Helse Vest sine planar, seier nestleiar i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Kjersti Toppe (Sp) til avisa.

- Krevjande sak

Helse Vest går god for styret i Helse Førde sine planar om store strukturelle endringar ved dei to lokalsjukehusa i fylket. Planane har skapt sterke reaksjonar i Nordfjord og Sogn.

Fødeavdelinga i Eid og den forsterka fødestova i Lærdal skal leggast ned. Akuttberedskapen skal sentraliserast til Førde, medan lokalsjukehusa skal konsentrere seg om dagbehandlinga. I Eid og Lærdal skal dei ha att kvar sin indremedisinske sengepost.

- Det er vel ikkje noko hemmelegheit denne saka er krevjande for regjeringa. Vi og Ap har ulik tilnærming, seier Toppe til avisa.

Rask avgjerd

Toppe meiner omlegginga i Sogn og Fjordane er mellom dei største sentraliseringane av sjukehustenester i landet.

Etter det avisa kjenner til, har helseministeren gjeve signal om at det er ynskjeleg med ei rask avklaring om den betente sjukehusstriden.

Meir tidkrevjande

Styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg, er ikkje overraska over at regjeringa skal sjå på vedtaket til Helse Førde og Helse Vest.

Ho fryktar likevel at det vil ta lenger tid enn venta å få ei avgjerd i den langvarige sjukehusstriden.

- Dersom dette stemmer, så er det klart at det nok vil ta lengre tid enn vi hadde føresepegla oss. Men då er eg veldig glad for at Helse Førde var så kloke at vi gjorde eit budsjettvedtak som inneber at vi ikkje avheng av nokon av desse tiltaka for å få budsjettet i hamn i 2011, seier ho til NRK.

Ulik oppfatning

Innan regjeringa har politikarar tilhøyrande ulike parti ikkje kunne semjast om dei føreslegne omleggingane av sjukehusstrukturen i Norge er i strid med Soria Moria-erklæringa.

Ei runde med vedtaka i regjeringa kan ein gong for alle klare opp kva som eigentleg står i samarbeidsgrunnlaget til regjeringa.

- Dersom ein blir samde om noko, så kan ikkje enkelte andre parti gå ut som enkeltindivid med enkeltutspel gå ut mot vedtak som er gjort. Det vil vere svært uryddig, seier Øberg til NRK.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå