NRK Meny
Normal

Over 81.000 lynnedslag på eitt døgn i Norge – energiverk kalla mannskap tilbake frå ferie

Toreveret siste dagane har ført til skogbrannar og slått ut straumen enkelte stadar. Sunnfjord Energi har måtte kalle tilbake folk frå ferie for å ta unna alt ekstraarbeidet.

Lyn og torevêr over Førde

SPEKTAKULÆRT: Det siste døgnet har det vore 81.000 lynnedslag i Norge. Her er Førde laurdag kveld.

Foto: Jon Kalstad

På landsbasis er det siste døgnet registrert ikkje mindre enn 81.000 lynnedslag.

Dagane før slo over 166.000 lyn ned i Norden, ifølgje SINTEF. Kor mykje torévershelga har kosta energiselskapa er førebels uvisst.

– Vi har hatt sorten å stri med, ja. Det har vel vore i øvste hylle i denne fellesferien. Men det har gått bra, seier vakthavande Jan Halvor Storkås i Sunnfjord Energi.

11 transformatorar

Sunnfjord Energi sitt hovudkontor i Førde.

AKTIVITET: Sunnfjord Energi har hatt sitt fulle hyre med å rette feil etter lynnedslag siste dagane.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Han seier det har gått i ein samanhengande «dur» sidan 03-tida natt til fredag. Det som starta torsdag ettermiddag i Sogn, hadde då vandra over fjella til Sunnfjord.

Fredag måtte dei skifte 11 transformatorar på Skei i Jølster. Dei har også måtte skifte eitt par transformatorar både i Naustdal og i Førde.

– I tillegg har vi eitt par som vi er ute og rettar feil på no i Førde. Nokre få abonnentar har mista straumen, men dei håpar vi å få inn att i føremiddag, seier Storkås.

Lyn og torden herja laurdag kveld i Sunnfjord.

SJÅ VIDEO: Her kjem uvêret sigande over Førde. Siste døgnet har det vore 81.000 lynnedslag i Norge.

Lite ekstraarbeid

I Sogn har lynnedslag ført til sju skogbrannar i fjellsidene. Den siste vart registrert i Årdal i kring 1.000 meters høgde over Nundal. Denne følgde brannmannskap med på.

Sjølv om det har vore stor lynaktivitet i Sogn, så har Sognakraft kome greitt ifrå det.

– Vi har att eitt par sikringsbrot, men ikkje noko trafohavari. Vi har hatt utkoplingar, men dei har berre vore å kople inn att. Vi har vore heldige, seier Reidar Thorsnes, vakthavande i kraftselskapet.

Henta inn frå ferie

– Men ein skal ikkje lenger tilbake enn til førre runde med torevêr då vi hadde fleire trafohavari. Og tilsvarande helg i fjor, så hadde vi 12 havari. Så det går opp og ned, held Thorsnes fram og legg til at dette statistisk sett er den verste lynhelga i året.

I Sunnfjord Energi har dei bede ferierande kollegaer om hjelp for å kunne ta unna alt ekstraarbeidet «Tor med hammaren» påfører dei.

– Det hadde ikkje vore mogleg om ikkje, men folk stiller velvillig opp når vi spør om dei kan ta i eitt tak, seier Storkås.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.