Hopp til innhold

Politikarane registrerer ikkje styreverva sine

Målet med det såkalla styrevervregisteret var å unngå korrupsjonsskandalar i kommunane. Men politikarar og rådmenn i 88 kommunar har framleis ikkje registrert kva andre roller dei har.

Jan Olav Gjerde

INGEN BEVISST STRATEGI: Ordførar Jan Olav Gjerde avviser at det er bevisst at ingen av politikarane eller kommunalsjefane har registrert seg i styrevervregisteret.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Registeret over styreverv vart oppretta for sju år sidan, og målet var å skape meir openheit om kva roller og interesserer folkevalde og kommunale leiarar har.

Hyllestad i Sogn er ein av kommunane der verken politikarane eller kommunalsjefane har registrert styreverva sine.

Ordførar Jan Olav Gjerde (Ap) er klar på at det ikkje er noko forsøk på å halde ting hemmeleg.

– Dette er ingen bevisst strategi frå verken administrativt eller politisk hald i kommunen. Det er nok rett og slett manglande fokus på det, seier han.

Oppretta etter fleire korrupsjonssaker

Håkon Myrvang

SKAL SKJERPE SEG: Lovar ordførar Håkon Myrvang i Naustdal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Kommunane sin interesseorganisasjon, KS, har sidan 2007 prøvd å få lokale politikarar, rådmenn og kommunalsjefar til å frivillig registrere alle sine styreverv i eit ope register på nett.

Styrevervregisteret blei oppretta etter at det hadde blitt avdekka fleire korrupsjonsskandalar i kommunesektoren midt på 2000-talet, som vassverksskandalen på Romerike og andre.

Korrupsjonssakene svekte omdømet til kommunane, og KS oppretta difor styrevervregisteret for å skapa meir openheit om kva roller og interesser folkevalde og kommunale leiarar har.

Du kan sjølv gjere søk etter politikarar og rådmenn i dei kommunane du vil, på styrevervregisteret her.

Lovar bot og betring

Men etter sju år er det framleis mange som ikkje har skrive seg inn. Ein av dei er Håkon Myrvang. Arbeidarpartipolitikaren er ordførar i Naustdal i Sunnfjord, ein av til saman 88 kommunar som ikkje er å finne i styrevervregisteret.

Myrvang lovar bot og betring.

– Det er veldig viktig at politikarane, men også dei i administrasjonen som handterer saker, fører opp kva dei har av forskjellige styreverv, slik at innbyggjarane har tillit til måten saker blir handterte på.

– Dette har med habilitet å gjere, og dette skal vi få på plass, lovar ordføraren.

– Mindre behov i små kommunar

Det er mange døme på at lokalpolitikarar og rådmenn har økonomiske interesser i betente saker i ein kommune.

I til dømes vesle Solund på kysten av Sogn og Fjordane vart nesten halvparten av dei folkevalde ugilde då kommunestyret skulle seie ja eller nei til å byggje ut tre omstridde vindindustriparkar.

Gunn Sande

VIL IKKJE BRUKE TID: Gunn Sande som er varaordførar i Selje kommune tvilar på at dei vil bruke mykje tid på registrering av styreverv.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Jenny Følling

NYTT REGISTER: KS lanserer no eit nytt og enklare styrevervregister, seier Jenny Følling.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK
Men nettopp i slike små bygdesamfunn er ikkje behovet for eit styrevervregistert spesielt stort. Det meiner Gunn Sande som er varaordførar i Selje, ein kystkommune på vestlandskysten som heller ikkje har eit einaste styreverv i registeret.

– Vi er ein såpass liten kommune at folk i Selje stort sett veit kva vi er med i. Men om også resten av landet skal sjå det, burde vi kanskje kome inn i eit slikt register vi også.

– Men eg veit ikkje om vi kjem til å prioritere det veldig høgt akkurat no, legg ho til.

Oslo og Akershus er «best i klassen»

Ei oversikt NRK har henta ut viser at det er i Oslo og Akershus at kommunane er flinkast til å registrere styreverva sine.

Også i Oppland, Hedmark, Vestfold og Vest-Agder har dei aller fleste ordførarane og rådmennene registrert seg med sine styreverv.

På andre enden av skalaen finn vi Nordland og Møre og Romsdal. I Nordland er det 19 kommunar som ikkje har politikarar og rådmenn i registeret, medan talet i Møre og Romsdal er 13.

(Sjå full oversikt i faktaboks til høgre).

Lanserer nyt tog enklare system

KS meiner styrevervregisteret er viktig for å kontrollere at politikarar og kommunesjefar held styr på hattane sine.

Men KS-leiar i Sogn og Fjordane, som også sit i KS sitt hovudstyre, legg ikkje skjul på at det også internt har vore debatt rundt dette registeret.

– Innvendingane har gått på at ein sjølve må sitje legge inn alle opplysningane på nytt, og det kunne ein også finne i andre register, slik at dette var tungvint og litt mykje arbeid.

– Dette har hovudstyret teke på alvor og ein har prøvd forenkle systemet. Slik håpar ein at det har blitt enklare, og ein håpar fleire skal registrere seg, seier ho.

Neste måndag lanserer difor KS eit nytt og enklare styrevervregister.

Vil ikkje bruke mykje tid

Medan ordførarane i Naustdal og Hyllestad lovar at dei skal registrere sine styreverv der, er varaordførar Gunn Sande i Selje usikker på om dei i hennar kommune vil bruke tid på dette.

– Ein måte ein kan gjere dette på er kanskje å sende ut ein e-post til kommunestyrepolitikarane, og be dei sende inn oversikt over sine styreverv til kommunen sitt servicetorg.

– Men eg trur ikkje vi per dags dato kjem til å bruke mykje tid på det, nei.