Hopp til innhold

Regionlensmann rosar leitemannskapa

Regionlensmann Arne Johannessen i Sogn er imponert over innsatsen til dei frivillige under leiteaksjonen ved Haukåsen i Sogndal.

leiteaksjon i sogndal haukåsen

SØKA AVSLUTTA: Leiteaksjonen på Haukåsen har gått over i ein ny fase.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Det har stor betydning, ikkje minst for dei pårørande å sjå at folk bryr seg, seier Johannesen.

I tillegg til hundar og helikopter har mellom 60 og 100 personar, mange av desse frivillige, delteke kvar dag i søket etter ein 37-åring som måndag kom bort frå eit turfølgje.

– Frå politiet si side er det heilt avgjerande for at vi skal får gjere vår jobb, at vi har med oss desse gode hjelparane. Dei kan ikkje få nok ros, seier Johannessen.

Leitinga inn ein ny fase

Arne Johannessen

ROSAR LEITEMANNSKAPA: Regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Torsdag kveld vart leitinga avslutta. Politiet har ikkje lenger håp om å finne 37-åringen som er sakna ved Haukåsen i livet. Leitinga har no gått over til søk etter antatt omkomen.

– Sjølv om vi no har gått inn ein ny fase, og søker etter ein antatt omkomen så held vi fram arbeidet og planlegg nye søk, seier Johannessen.

Leiteaksjon på Haukåsen

TETT SKOG: Deler av området det blir leita i er svært vanskeleg, med tett skog og ulendt terreng.

Foto: Christian Blom

Krevjande leiteområde

Leitemannskapa har gjennomført eit omfattande søk i området på Haukåsen, der den sakna forsvann måndag. Johannessen seier det er eit svært krevjande område å leite i.

– Det er til dels svært tett skog. Det er store område der det er svært ulendt, så det er ikkje eit lett søkeområde, seier Johannessen..

– Har ein fått søkt gjennom heile området?

– Det er umogleg å svare på. Erfaring syner at sjølv om ein har gjort gode søk, så kan det vere små område som ein har oversett. Det er også difor ein ofte må gjere nye søk i dei same områda.

Fredag blir det ein planleggingsdag i forhold til den nye situasjonen, før leitinga vert teken opp at laurdag.

– I morgon planlegg vi blant anna eit søk i ei elv. Då skal vi ha med oss ekspertar frå Røde Kors, som kan leiting og redning i elv, seier Johannessen.