NRK Meny
Normal

Regelendring gav meir enn dobling i salet av lokalprodusert sider

Etter eit drygt år med dei nye reglane for alkoholsal har Ciderhuset i Balestrand meir enn dobla salet av sider i gardsbutikken. Også alkoholfrie drikkevarer sel som aldri før.

Endeleg kan dei sprette sin finaste cider på Ciderhuset i Balestrand.

2005: Sidan 2005 har Åge Eitungjerde, Eli-Grete Høyvik og Gard Eitungjerde drive med siderproduksjon, men det er først dei siste åra sider har blitt skikkeleg populært.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen

– Per august så har vi meir enn dobla omsetnaden i gardsbutikken på sider og vi ser meir enn dobling på dei alkoholfrie varene. At vi har fått meir breidde i butikken har dratt med seg salet på andre ting, seier Eli-Grete Høyvik i Ciderhuset.

Fredag skreiv Bergens Tidende at salet av sider har eksplodert etter lovendringa som kom 1. juli i fjor, og trenden gjeld også for Ciderhuset i Balestrand. Endringa gjekk ut på at fruktbønder fekk lov til å produsera sterkare drikkevarer for sal enn øl.

Var lei

Ciderhuset i Balestrand jubla over lovendringa då den kom i fjor, 13 år etter at dei første gong søkte om å få lov til å selja sterkare varer enn 4,7 prosent.

Når meldinga om lovendringa kom måtte Gard Eitungjerde Høyvik prøveplassere produkta med ein gong.

UTVAL: Gard Eitungjerde viser fram noko av utvalet i butikken.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen

For tidlegare måtte dei seie nei til gjestar som var med på siderturar og prøvesmaking, og som ville kjøpe produkta etterpå.

– Vi er veldig glade for at vi no kan selja dei produkta vi har hatt smaking på. For vi vart litt slitne av å måtte forklara gjestane om norsk alkoholpolitikk heile tida, seier Høyvik.

Dei siste åra har det vore ei enorm auke i talet på turistar som kjem til Norge, og i fjor var Sogn og Fjordane vinnaren med ei auke på ni prosent, samanlikna med rekordåret i 2016.

– Det er veldig mange turistar som kjem innom og handlar i gardsbutikken, seier Høyvik.

Til tider frustrerande

Dei har produsert sider sidan 2005 og vegen fram til suksessen dei siste åra har vore krevjande. Men etter at dei fekk dei lov til å selja drikke med alkoholprosent på 4,7 prosent i 2015 tredobla dei omsetnaden i gardsbutikken. Og det siste året har dei meir enn dobla salet.

– Det har vore ei interessant, men til tider veldig frustrerande reise sidan oppstarten. No er det veldig kjekt å sjå utviklinga, seier Høyvik.

Ifølgje Bergens Tidende har salet av norsk sider auka med 120 prosent frå januar til september i år, samanlikna med same periode i fjor, til 44.000 liter.

– Dei tala samsvarar med det vi har merka her. Det går meir sider på polet no enn nokon gong og dette kjem i kjølvatnet av eksplosjonen i talet på mikrobryggeri. Folk vil prøve ny smakar, seier ho.

Og med suksessen kjem også fleire arbeidsplassar.

– Eg ser at neste sommar så må vi tilsette fleire folk, slik at eg og mannen min (Åge Eitungjerdet) også får tatt oss litt sommarfri. Dette har blitt veldig stort, seier Høyvik og ler.

Ciderhuset syner fram sine produkt i Berlin.

BERLIN: Tidlegare i år var dei i Berlin for å visa fram produkta sine.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.