Hopp til innhold

Regelbrot i annankvar fjøs som Mattilsynet har sjekka

Mattilsynet fann i fjor regelbrot i nesten annankvar norsk fjøs. Enkelte brot inneber store lidingar for dyra.

Sauene måtte slaktast fordi dei var utmagra.

50 PROSENT HAR REGELBROT: I Nordfjord vart to gardsbruk tvangsavvikla etter at gardbrukarane ikkje stelte dyra skikkeleg. Ein rapport frå Mattilsynet syner at under halvparten av inspeksjonane dei hadde i norske fjøsar i fjor, var det regelbrot.

Foto: Mattilsynet

– Oppmodinga er at ein må ta dyrevelferda på alvor. Ein må følgje med og varsle dersom ein ser plassar der dyrevelferda ikkje er i orden, slik at vi får greie på det som skjer.

Det seier Ole Fjetland, assisterande tilsynssjef i Mattilsynet. Han oppmodar bøndene til å ta dyrevelferda på høgste alvor.

Store lidingar for dyra

Assisterende tilsynsdirektør i Mattilsynet, Ole Fjetland

FØLG REGELVERKET: Det er oppmodinga frå Ole Fjetland, assisterande tilsynssjef i Mattilsynet.

Foto: Mattilsynet

I Mattilsynet sin årsrapport frå i fjor kjem det fram at det var regelbrot i nesten halvparten av dei 5500 inspeksjonane som vart gjennomførte i norske fjøsar. Dei fleste regelbrota er ikkje av alvorleg karakter, men enkelte av dei inneber store lidingar for dyra.

I svine- og storfehaldet vart det avdekt regelbrot i over halvparten av buskapane. Når det gjeld fjørfe, sau og geit, fann Mattilsynet regelbrot i mellom 25 og 40 prosent av buskapane.

– Det kan vere alt ifrå skade som ikkje er blitt behandla, eller at det er dyr som skulle ha vore avliva, men som ikkje er det. Eller forhold som at dokumentasjon ikkje er god nok. Det er alle mogleg grader, men alt følgjer vi opp, seier Fjetland.

Ein må følgje med og varsle dersom ein ser plassar der dyrevelferda ikkje er i orden.

Ole Fjetland, assisterande tilsynssjef i Mattilsynet

Kvart brot er eitt for mykje

Tidlegare i år måtte 70 dyr på to gardsbruk i Nordfjord tvangsslaktast på grunn av vanskjøtsel.

– Kvart regelbrot er eitt for mykje. Det skal jo ikkje vere avvik i det heile, men det er klart at noko reagerer vi sterkare på og noko hastar det med å få nærare utbetra, seier han.

Han legg til at det også er gjort risikovurderingar. Så det høge talet på regelbrot blant inspeksjonane som er gjennomført kan også tyde på at dei har gjort ein god jobb i forhold til risikovurderingar om kvar regelbrota kan vere, seier han.

Per Hilleren

DEI FLESTE STELLER GODT: Bondelagsleiar i Sogn og Fjordane, Per Hilleren, trur dei aller fleste steller godt med dyra.

Foto: Silje Bråstad / NRK

Generelt bra

Per Hilleren, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, likar ikkje at bøndene bryt regelverket. Samtidig meiner han at dei aller fleste bønder steller dyra sin på ein veldig god måte.

– Eg trur at norsk husdyrhald generelt er bra. Men så vil det sjølvsagt alltid kunne vere tilfelle som ikkje er så bra, seier Hilleren.

– Men er bøndene generelt klumsete når det gjeld dyrestell?

– Nei det trur eg ikkje, seier han.

Fjetland i Mattilsynet har ei klar oppmoding til alle som driv med husdyr.

– Følg regelverket. Det er der for dyra sin del, seier han.