Hopp til innhold

Refsar sine eigne i KS

- Regjeringspartia sine representantar i styret i Kommunenes Sentralforbund - KS - gjer ein alt for dårleg jobb. Det meiner SV-politikar og varaordførar i Førde, Norvall Nøringset.

Norvall Nøringset
Foto: Cosmin Cosma / NRK

I samband med lønsforhandlingane med lærarane går han kraftig til åtak på sine eigne.

- I forkant av forhandlingane har politikarane gjort ein for dårleg jobb, også SV. Det at KS skulle forhandle med lærarane har kome alt for brått på, og dermed er alt arbeidet overlete til rådmenn og kommunalsjefar og den sentrale leiinga i KS.

- Øydelagde som "lærarparti"

Representantar frå regjeringspartia har fleirtal i styret i Kommunenes sentralforbund. Desse representantane har ifølgje Nøringset ikkje stått for den politikken regjeringspartia har sagt dei skal føre. Nøringset er sjølv styremedlem i KS i Sogn og Fjordane. Men det er som lærar han reagerer mot sitt eige parti og si eiga regjering.

- Eg meiner heilt bestemt at sentrale politikarar i desse tre partia er nøydde til å kome på bana, elles er alle tre partia øydelagde som "lærarparti". Dei kan ikkje stå fram som parti som vil gjere norsk skule betre om dette blir ståande.

 -Må framstå  med eitt syn

Men Ivar Johansen, som er SV sin representant i KS-styret, seier han må stå bak KS si linje.

- Som partirepresentantar skal vi ikkje ha noko anna syn utad enn det som er resultatet frå KS. KS må framstå med eitt syn, og ikkje einskildparti eller einskildrespresentantar sine syn i ein forhandlingsfase.