Hopp til innhold

Refsar partikollegaer for tausheit

Stortingspolitikarane Ingrid Heggø og Tor Bremer må snart byrje å engasjere seg i den viktige sjukehusdebatten i fylket, meiner partifeller i Arbeidarpartiet.

Ingrid Heggø og Tor Bremer

REFSA FOR TAUSHEIT: Ingrid Heggø og Tor Bremer vert kritiserte av eigne Ap-kollegaer, etter at dei vert oppfatta som tause i striden rundt sjukehusa i Sogn og Fjordane.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

- Partiet sine to fremste representantar frå fylket er tause, og eg forventar at dei snart viser kva dei meiner, seier Hilmar Høl i Årdal Arbeidarparti.

Debatten om fødetilbodet i fylket har rasa i lengre tid, men dei to stortingsrepresetantane Ingrid Heggø og Tor Bremer frå Arbeidarpartiet har vore nærast tause.

- Må uttale seg som politikar

Hilmar Høl

FORVENTAR MEIR: Hilmar Høl (Ap).

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

I samband med ei høyring til den nasjonale fødselsomsorga, gjekk styret i Helse Førde sist fredag inn for nedlegging av fødetilbodet både i Eid og Lærdal.

Lokale arbeidarpartipolitikarar i Nordfjord og indre Sogn er opprørte over vedtaket, og Hilmar Høl vedgår at han er skuffa over Bremer og Heggø.

- Det er ei kjensgjerning at dette er ei stor sak for veldig mange i Sogn og Fjordane. Då kan du kan ikkje vere skoren for tungebandet og ikkje uttale deg som stortingsrepresentant - du er trass alt den høgaste valde tillitsvalde i Sogn og Fjordane, seier Ap-politikaren om kollegaene sine.

- Har ikkje noko til overs

Høl får støtte frå synspunkta sine frå ein annan partifelle i Nordfjord. Også her rasar debatten i det som har sigla opp som den kanskje viktigaste saka i Sogn og Fjordane i 2010.

LES OGSÅ:

Roger B. Silden.

FORVENTAR MEIR: Roger B. Silden (Ap).

Foto: NRK

- Eg har ikkje noko til overs for korkje den eine eller den andre politikaren når det gjeld dette, seier Roger B. Silden.

- Hadde du forventa meir støtte frå Bremer og Heggø i denne saka?

- Både frå Bremer og Heggø, og alle dei andre, seier Silden.

Svarar NRK i tekstmelding

Heller ikkje denne gongen vil Tor Bremer eller Ingrid Heggø delta i den betente debatten om fødetilbodet i fylket.

Bremer vil ikkje uttale seg i det heile, medan Heggø skriv følgjande i ei tekstmelding til NRK:

Min kommentar er at eg står på partiprogrammet og Soria Moria. Dette gjentek eg i alle samanhengar, og det får ein jo ikkje dei store oppslaga på.

Ingrid Heggø

- Eg forventar at regjeringa gjer om på vedtaket Helse Førde no har gjort, i tråd med det som står i Soria Moria, seier Hilmar Høl.