Hopp til innhold

Refsar kommunen i Christina-saka

Sogndal-kommune får kraftig kritikk på fleire punkt for måten dei har handtert Christina Flåten (17) på. Samtidig er Fylkesmannen i Hordaland nøgd med omsorga ho får i dag - utanfor kommunen sin regi.

Video e96a2a00-fd92-498c-812b-613a9b2117fd.jpg

Slik vart Christina si historie fortalt første gong i media.

For mange kontaktpersonar utan relevant utdanning, manglande individuell plan og for dårleg overvaking av dei fysiske helsetilstanden. Det er nokre av konklusjonane Fylkesmannen i Hordaland no kjem med i saka rundt 17 år gamle Christina Flåten.

Tre forhold, to stryk

Det er Fylkesmannen i Hordaland som har handtert foreldra hennar sin klage på Sogndal kommune, fordi Fylkeslegen i Sogn og Fjordane, Per Stensland, tidlegare har vore fastlegen til Flåten og dermed vurderte seg sjølv som ugild.

Fylkesmannen har vurdert tre forhold rundt Christina Flåten, og berre på eitt av dei unngår kommunen kritikk.

Det gjeld situasjonen hennar i dag. Etter foreldra sitt sterke ynskje gjekk ein motvillig kommune med på å overlate omsorga for ho til det private selskapet Melås AS. Dette tilbodet blir vurdert som tilfrestillande, og Flåten har hatt stor framgang etter at Melås AS overtok ansvaret.

Desperate foreldre

Foreldra til Christina Flåten, Frank Flåten og Ann Sigrid Hjellhaug, fortalde i vår NRK historia om den svært samansette sjukdomen til dottera. Dei desperate foreldra såg at dottera vart stadig sjukare under Sogndal kommune si omsorg, og var redde for at ho skulle døy.

- Det er ein grusom situasjon å vere i, nesten heilt umenneskleg for alle. Vi klarar knapt å takle dette meir. Vi er redde for livet hennar, fortalte Frank Flåten til NRK den gongen.

Opp til 38 delte ansvaret

Jenta, som hadde vore velfungerande gjennom store deler av barndomen klarte på det tidspunktet knapt nok å gå, fekk stadige krampeanfall og var stort sett sengeliggande i Sogndal kommune sin omsorgsbustad.

Det som uroa foreldra mest var dei at så mange personar delte ansvaret for ho. Dei trudde på det tidspunktet at det var 25 personar. I Fylkesmannen i Hordaland sitt vedtak kjem det fram at det kan ha vore endå fleire.

Vår dokumentasjon viser at Christina Flåten hadde eit personale på mellom 25 og 38 personar rundt seg i den kommunale omsorgsbustaden. Ein del av personalet var ufaglærte

Fylkesmannen i Hordaland

"Vår dokumentasjon viser at Christina Flåten hadde eit personale på mellom 25 og 38 personar rundt seg i den kommunale omsorgsbustaden. Ein del av personalet var ufaglærte", skriv Fylkesmannen.

Christina Flåten

STERK HISTORIE: Historia til Christina Flåten rørte mange då den kom fram i vår.

Foto: NRK

Følgde ikkje nok med

Flåten var plassert i ein bustad for psykisk helsevern, og kommunen får også kritikk for ikkje å ha følgt godt nok med på dei fysiske sidene av sjukdomen hennar. Dette blir sett i samanheng med det store talet personar som delte ansvaret for Flåten.

"Vi meiner Christina Flåten sitt behov for somatisk helsehjelp vart fanga opp for seint i den kommunale omsorgsbustaden, og at kommunen ikkje følgde med på tilstanden hennar p ein god nok måte. () Dette avviket frå god praksis er så markert at vi ser det som eit brot på kommunen si plikt til å gje forsvarleg helsehjelp og god omsorg", står det i vedtaket.

Dette avviket frå god praksis er så markert at vi ser det som eit brot på kommunen si plikt til å gje forsvarleg helsehjelp og god omsorg

Fylkesmannen i Hordaland

Ingen plan

Det andre hovudpunktet kommunen får kritikk på, botnar i fråveret av ein individuell plan for situasjonen til Christina Flåten, og retten til eit koordinert helsetilbod. I sitt tilsvar skriv Sogndal kommune at dei har laga eit utkast til ein slik plan, noko Fylkesmannen meiner ikkje er godt nok.

"Vi meiner at i denne saka er så mange krevjande problemstillingar og involverte at det ikkje er forsvarleg at ein individuell plan ikkje har vorte utarbeidd tidlegare", står det i vedtaket.

Betre hjå Melås AS

Det eine punktet Fylkesmannen i Hordaland er nøgde med, tilbodet ho får i dag, er utanfor Sogndal kommune sin regi.

"Slik vi vurderer det tilbodet Christina Flåten mottek i dag, har ho færre personale rundt seg. Det føreligg også ein klar plan for miljøretta tiltak for miljøretta tiltak og trening i bustad supplert med regelmessig trening/oppfølging", skriv Fylkesmannen i Hordaland.

Rådmann i Sogndal kommune, Jostein Aanestad, har ikkje vore tilgjengeleg på telefon fredag kveld.