Hopp til innhold

Refsar Innovasjon Norge

- Innovasjon Norge bryt med føremåla sine som er å skape arbeidsplassar når dei seier nei til at ei lokal eigargruppe kan overta felgfabrikken Fundo Wheels i Høyanger, meiner stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Ingrid Heggø.

Ingrid Heggø
Foto: Anna Gytri / NRK

I går vart eit bod på 15 millionar kroner frå ein lokal investor avvist av den største pantekreditoren i konkursbuet som er Innovasjon Norge.

- Opptrer som marknadsaktør

Dette er så oppsiktsvekkjande at Heggø vil ha møte med næringsdepartementet.

- Eg er litt forundra over haldninga til Innovasjon Norge, for dei er nettopp til for å skape næringsverksemd. Eg synest at Innovasjon Norge opptrer som ein marknadsaktør, og det er ikkje i tråd med Innovasjon Norge sitt føremål, slik eg ser det.

Full stopp 12. februar

Fundo i Høyanger
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det seier stortingspolitikaren frå Høyanger som følgjer nøye med på den kritiske utviklinga for hjørnesteinsverksemda Fundo Wheels med 450 arbeidsplassar. Felgprodusenten gjekk konkurs 12. januar, og bustyret har sett frist til 12. februar med å finne nye eigarar, viss ikkje stoppar all produsjon opp.

- Ikkje godt nok

Så langt har ingen investor meldt si interesse, men i går vart det klart at Høyanger kommune har fått i stand ei lokal eigargruppe som ville kjøpe fabrikken for omlag 15 millionar kroner. Men det var ikkje godt nok for den største pantekreditoren i konkursbuset, Innovasjo Norge, fortel kredittsjef Nils Roald.

- Ein ting er storleiken på bodet, ein annan ting er substansen i eigarskapen.

- Kroken på døra

Kjartan Longva
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

- Det er kroken på døra dersom dette blir ståande, for det er ikkje mogeleg å finne ein industriell investor midt under ei finanskrise som attpåtil skal investere i bil,seier ordførar Kjartan Longva i Høyanger.

Forstår frustrasjonen

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø forstår frustrasjonen hans.

- Eg forstår veldig godt frustrasjonen til ein ordførar når han ser så mange arbeidsplassar glippe, og at verkemiddelapparatet som vi har til rådvelde ikkje stiller opp, så den frustrasjonen deler eg.

Møte med departementet

For å hjelpe dei mange kriseråka verksemdene i landet gav Regjeringa i si krisepakke 1,2 milliardar kroner til Innovasjon Norge. Heggø er no så forundra over det selskapet har gjort i Høyanger at ho vil ha møte med Nærings- og handelsdepartementet på måndag.

- Der vil vi orientere om kva som faktisk skjer og om korleis Innovasjon Norge oppfører seg.