Hopp til innhold

Refsar aksjonistar og politikarar

Fylkeslege Petter Øgar meiner fylket no treng hjelp for å løyse sjukehusfloka i Helse Førde.

Petter Øgar.

KRITISK: Fylkeslege Petter Øgar er redd Sogn og Fjordane må ha hjelp utanfrå for å få løyst sjukehusfloka i Helse Førde.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

- Spesialisthelsetenesta i fylket er i ei hengemyr med omsyn til utvikling og styring. Det er ikkje noko nytt, men av omsyn til befolkninga bør det ikkje få halde fram, skriv fylkeslege Petter Øgar på fylkesmannsbloggen.

Refsar aksjonistane...

- Vi er den friskaste befolkninga i landet. Likevel brukar vi mest sjukehustenester av alle - med tilhøyrande kostnadsnivå og budsjettunderskot. Vi har den beste luftambulansetenesta i verda med to ambulansehelikopter i eige fylke og tre helikopter tilgjengeleg like utanfor fylkesgrensa, skriv Øgar.

Han held fram:

- Vi har ei statsrådverna fødestove i Lærdal med full gynekologberedskap, sjølv om fødestova berre skal ta i mot forventa normalfødslar og i oktober berre hadde éin fødsel. Vi går i fakkeltog som ingen andre for å halde på akuttberedskapen alle stadar, sjølv om stadig fleire av dei verkeleg akutte og alvorleg sjuke vert transportert direkte til Sentralsjukehuset eller Haukeland.

- Likevel klarer enkelte å skape eit tilnærma katastrofebilete av akuttberedskapen i fylket dersom noko vert endra, skriv fylkeslegen.

... og politikarane

Øgar går deretter til frontalangrep på prioriteringane som er gjort rundt geriatrien og barne- og ungdomspsykiatrien.

- Vi har ein nybygd rusinstitusjon for yngre rusmisbrukarar på Nordfjordeid som ikkje kan opnast fordi det manglar pengar, påpeikar Øgar.

- I tillegg har vi ein ulukkeleg tradisjon med endelause kampar og omkampar om lokalisering av tilbod og budsjettmessige nedskjeringsprosessar som stel ressursar og kreativ kraft som burde vert brukt på heilt andre måtar, legg han til.

- Vi må ha hjelp

Øgar karakteriserer situasjonen som nedbrytande og på kollisjonskurs med erklærte helsepolitiske prioriteringar og satsingar.

Han meiner også at Sogn og Fjordane ikkje har evne til å fatte eigne vedtak om lokalisering av sjukehus. Vi må no ha hjelp utanfrå, skriv fylkeslegen.