Hopp til innhold

Refsa Vågsøy-administrasjonen

Fylkesmannen refsa administrasjonen på kommunestyremøtet i Vågsøy for manglande innsyn i Tall Ships Races-rekneskapen.

Tall Ships`Races i Måløy.

Fleire har ønskt innsyn i rekneskapen etter Tall Ships Races.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Både media og politikarar har freista å få innsyn i tala i rekneskapen, men kommunen har ikkje vore imøtekomande.

Skulda på praktiske problem

Og tysdag kveld sette fylkesmann Oddvar Flæte rådmann Ørjan Raknes Forthun kraftig på plass.

For både avisa VG og Raudt-politikar Geir Oldeide har bede om innsyn i Tall Ships-rekneskapen. Men dei har anten ikkje fått svar på innsynskravet i tide eller ikkje fått tilgjengeleg alle relevante dokument.

Rådmannen i Vågsøy har skulda på praktiske problem og at det kan vere personopplysningar i dokumenta.

Forklaringane held ikkje

Oddvar Flæte

Fylkesmann Oddvar Flæte.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

- Desse forklaringane held ikkje, kunne Oddvar Flæte melde frå kommunestyret sin talarstol.

- Vedkomande som har klaga har rett til å ta med seg namsmannen og gå til kommunen. Det ville vere idiotisk om namsmannen skulle slå følgje med ein journalist inn her for å sjå på papira, seier Flæte.

VG tilbaud seg ifølgje Flæte å kome til Vågsøy og lese rekneskapen om det var uråd å sende over store mengder papir. Heller ikkje det fekk dei lov til.

Men ifølgje Flæte har vedkomande krav på å få lov til det.

- Vedkomande har og krav på at det vert lagt til rette for det, forklarar Flæte.

- Beklageleg

Rådmann Ørjan Raknes Forthun legg seg langflat og beklagar treneringa.

Rådmann Ørjan Raknes Forthun

Rådmann Ørjan Raknes Forthun beklagar treneringa.

Foto: Håkon Eltvik / NRK

- Den kritikken må vi berre ta, det er beklageleg. Grunnen er ressursar og at det er bede om så mykje at det er vanskeleg å framskaffe det, seier Raknes Forthun.

Han viser vidare til at offentleglova ikkje tek omsyn til kommunale ressursar og at kommunen må ta omsyn til det.

- Omfattande materiale

- Kva har vore så vanskeleg?

- Det er eit omfattande materiale det er blitt bede om. Vi må gå igjennom heile materialet for å sikre oss at det ikkje inneheld opplysningar som skal vere unnateke offentlegheit, forklarar Raknes Forthun.

I tillegg til å ikkje gje innsyn, meinte Flæte at det også hadde teke for lang tid å gje tilbakemelding. Det vil kommunen ta til etterretning, ifølgje rådmannen.

- Enkelte kan jo vere mistenksame og lure på om dette skjer fordi Vågsøy kommune vil skjule noko, kva tenkjer du om det?

- Eg kan forstå viss nokon tenkjer det. Men eg vil understreke at det har vi ikkje. Når vi har sagt at vi ikkje går imot innsynsretten så er det nettopp fordi vi meiner vi ikkje har noko å skjule, seier rådmannen.

Manglande mandat

Men manglande innsyn var berre eitt av dei kritikkverdige punkta Flæte tok føre seg.

Han meiner også at kommunestyret slurva då dei sende over Tall Ships Races-skandalen til kontrollutvalet i kommunen. Utvalet fekk ikkje noko klart mandat, noko dei skal ha.

Tall ships`Races i Måløy

Tall Ships Races i Måløy.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

- Kommunen har sagt at nokon må sjå på dette. For så vidt greitt, men kva er ein forvaltningsrevisjon? Det er ein nøye og systematisk gjennomgang slik at stoffet er uangripeleg etterpå, forklarar Flæte.

Ifølgje Flæte har han i samtale med kontrollutvalet bede dei konsentrere seg om å få fram fakta og ikkje meine så mykje.

Flæte meiner uansett at arbeidet no må halde fram i utvalet, og at det vert feil å be dei starte på nytt. Ifølgje Flæte er han nøgd med arbeidet utvalet gjer.

- Lite formelle

Vidare viser Flæte til korleis han oppfattar kommunestyret i Vågsøy.

- De er veldig lite formelle. Fleire enkeltmedlemmer bad om at kontrollutvalet skulle gå inn og "sjå på dette", men de bestemte ikkje korleis det skulle gjerast, seier Flæte.

Og ordførar i Vågsøy, Roger B. Silden, seier dei vil ta seg saman.

- Eg følte ikkje at fylkesmannen var kritisk, men at han påpeika ein del ting som vi har lært noko av i dag. Så det synest eg er veldig positivt, seier Silden.