Hopp til innhold

Har du sjekka om refleksen faktisk verkar?

FØRDE (NRK): Mange hugsar å ta på seg refleksvest når det mørknar, men dei færraste er klar over at refleksane kan gå ut på dato.

Mange hugsar å ta på seg refleksvest når det mørknar, men dei færraste er klar over at refleksar mister effekten og kan gå ut på dato.

SJEKK REFLEKSEN: Gamle refleksar kan slutte å fungere. Det er det mange som ikkje er klar over. FOTO / REDIGERING: KATHRINE NYGÅRD

– Om refleksen ikkje verkar, blir ein eigentleg lurt. Då ser ikkje trafikken deg, og det kan vere veldig farleg. Det er nesten som du ikkje har på deg refleks i det heile teke, seier Audun Heggestad i Trygg Trafikk.

Heggestad fortel at mange ikkje er klar over at dei slit ut refleksane og at effekten kan bli øydelagt ved vanleg bruk som oppbevaring og vask.

– Til og med berre ved å ligge i skapet kan nokre av dei dårlegaste slitast ut. Difor er det svært viktig at folk sjekkar om han framleis fungerer når hausten kjem, seier han.

Audun Heggestad

GÅR UT PÅ DATO. Audun Heggestad i Trygg Trafikk fortel at refleksvestar går ut på dato.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Overraskande

Daniel Rikstad syklar til butikken, og når mørket fell på er han snar med å ta fram refleksvesten.

Men i likskap med andre NRK har snakka med blir han overraska over å høyre at han bør sjekke refleksevna.

– Eg brukar alltid refleks når det er mørkt ute, men eg har aldri tenkt på at eg må sjekke at refleksen fungerer. Det har eg teke for gitt, seier Rikstad.

Daniel Rikstad er overraska over at ein må sjekke refleksen

OVERRASKA. Daniel Rikstad er overraska over at ein må sjekke refleksevna.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

Anbefaler ny refleksvest kvart år

Inspektør i Statens vegvesen i Førde, Mona Iren Lid, kan fortelje at dei anbefaler folk å skaffe seg nye refleksvestar kvart år.

– Ein refleks skal lyse deg opp i mørket og då bør han vere av god kvalitet. Alle godkjente refleksvestar skal vere merka med eit kodenummer, EN1150. Det syner at det er ein skikkeleg refleks.

Kode for godkjent refleksvest

KODE. I tillegg til å sjekke refleksevna bør ein sjå til at vesten er merka med kodenummeret EN1150.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

Sjølv om refleksvesten er i god kvalitet anbefaler ho å bytte ut refleksen årleg. Om ein vel å behalde den gamle vesten sin kan ho stille seg bak rådet til Trygg Trafikk om å teste han sjølv.

– Då bør ein stå tre-fire meter frå refleksen og lyse på vesten i eit mørkt rom. Dette er ein fin måte å sjekke refleksevna på for både store og små, avsluttar ho.

Ta fram refleksvesten og lommelykta, lys på han og sjekk refleksevna.

Mona Iren Lid / Statens Vegvesen