Trailersjåføren opplevde kor dårlege refleksvestar kan vere ein kveld han kom køyrande i mørkna.
- Brått såg eg noko i vegen, og det var ein refleksvest. Då eg kom litt nærare såg eg at det var to personar som begge hadde refleksvest. Den eine var i orden, men han som gjekk ut mot vegen hadde ein så dårleg vest at eg ikkje såg han, seier Slinde.
Kan bli påkøyrde
Dette fenomenet er velkjent for Trygg Trafikk. Fylkessekretær i Sogn og Fjordane Audun Heggestad seier ubrukelege refleksvestar rett og slett er dødsfeller, fordi folk innbiller seg at dei er godt synlege i trafikken utan å vere det.
- Dei kan rett og slett bli påkøyrde. Eg har sett fleire tilfelle denne hausten der kvaliteten på refleksvesten var dårleg, seier han.
Svekka av vask og alder
Denne vesten er CE-merka.
Det som oftast er årsaka til at refleksvesten ikkje fungerer, er at han har vore vaska for mange gonger. Men refleksen blir også svekka av alder, så levetida er avgrensa. Dessutan kan også nye vestar kan vere for dårlege, difor er det viktig å sjå etter eit såkalla CE-merke, seier Heggestad.
- Det er ei europeisk godkjenning der vestane blir testa i eit laboratorium, seier han.
Test vesten!
Han trur at mange ikkje veit at vestane er så sårbare.
- Ein tek gjerne på seg vesten frå år til år utan å teste den. Men dette er enkelt å teste sjølv. Det er berre å få nokon til å lyse med billysa på vesten, så ser du om den verkar, seier Heggestad.