Refleks skal hindre påkøyrslar av beitedyr

For å unngå nye påkøyrslar av beitedyr prøver bøndene ut refleks på dyra.

Geiter i Våtedalen

NYTT PROSJEKT: Geiter beitar langs E39 i Våtedalen.

Foto: Vidar Sandal

– Vi prøver no å finne reflekstypar som kan festast på øyremerke som dei har frå eller på klavar som dei har rundt halsen, så vi slepp å henge på dei endå eitt merke, seier landbruksdirektør Christian Rekkedal hos fylkesmannen

Kvar einaste sommar skjer det ulukker og nestenulukker der dyr beitar langs vegkanten. Her i fylket er Våtedalen, Sogndalsdalen og på Utvikfjellet utsette stader.

I 2011 vart over 30 geiter ihjelkøyrde i Kjøsnesfjorden .

Støttar prøveprosjekt

– Alle positive tiltak som kan vere med å motverke ulukker er bra, seier geitebonde Vidar Sandal frå Breim.

Vidar Sandal og geitene

POSITIV TIL REFLEKSMERKING: Geitebonde Vidar Sandal frå Breim.

Foto: Silje Guddal / NRK

Han har sjølv geiter i Våtedalen. Med dei nye geiteflokkane prøver han og dei andre geitebøndene å lære dyrф til å trekke opp i fjellsidene, og ikkje gå langs vegen.

– Problemet er turistar som då lokkar dyra ned igjen til vegen fordi dei har lyst til å klappe dei.

– Kan du sjølv tenke deg å prøve refleksmerking på dine geiter?

– Ja, absolutt. Eg ser at naboen har sydd refleksen inn i øyremerka på dyra, så ser det ut til å kunne vere eit tiltak som kan hindre påkøyrsler, når dei går ute om natta.

Prøver ut ulike måtar å merke

Sommaren 2014 deltok to storfebesetningar i utprøvinga av refleksprodukt. I år er også to sauebesetningar og to geitebesetningar med i uttestinga. Litt av utfordringa med geiter er at dei er nysgjerrige og fort kan gå å nappe og tygge på merka på dei andre dyra.

Christian Rekkedal

VIL HA NED TALET PÅ PÅKØYRSLER AV BEITEDYR: Landbruksdirektør Christian Rekkedal hos fylkesmannen.

Foto: NRK

– Det ein skal teste ut no er å finne merke som toler den fysiske slitasjen, og som kan vare ein heil sesong, seier Rekkedal.

– Kvifor er dette så viktig å få til?

– Vi har ein del dalføre der går beitedyr langs vegen. Dyra er ofte nysgjerrige på biltrafikk. Det er farleg for dyra, men også trafikantane. Det å køyre på dyr i stor fart, det kan vere livsfarleg. Så dette handlar om dyrevelferd og trafikktryggleik.