Hopp til innhold

Reed Bratten tapte

Tidlegare dagleg leiar i Eurofoto, Øystein Reed Bratten, tapte saka han reiste mot den tidlegare arbeidsgjevaren sin.

Øystein Reed Bratten (t.v.) og advokaten hans, Arvid R. Ødegård

Reed Bratten vart oppsagd frå stilinga si, men kravde jobben tilbake. Han må no betale Eurofoto over 10.000 kroner i erstatning, og over 300.000 i sakskostnader.

- Krystallklart medhald

Hovudaksjonær Per Svein Reed i Eurofoto er letta.

- Det at vi fekk så krystallklart medhald i retten viser at vi hadde grunnlag for det vi gjorde. Sjølv om det er snakk om mykje pengar er det ikkje først og fremst desse kronene som betyr noko. Det er prinsippet som er viktig. Handla han rett eller ikkje, og hadde vi grunnlag for å gjere det vi gjorde. Der har vi fått den klare konklusjonen at vi hadla heilt i tråd med det vi skulle.