Hopp til innhold

Redusert straff for drapstruslar

Sunnfjordingen som i fjor vart dømd til fengsel i 120 dagar for drapstruslar mot ein politiadvokat, har i Høgsterett fått redusert fengselsstraffa til 21 dagar. Mannen retta truslane til ein fengselsbetjent då han fekk presentert ei sikting for brot på legemiddellova. Høgsterett meiner at mannen ikkje burde forstått at trusselen nådde fram til advokaten. Straffa på fengsel i fire år og seks månader for vald og truslar mot fleire personar er derimot rettskraftig.