Hopp til innhold

Redningsskøyte: – Dette er dagen for å vere på land

Hummarfiskaren fekk trøbbel i opp mot fem meter høge bølger og måtte få hjelp.

Redningsskøyte

REDNINGSSKØYTE: Redningsskøyta Kristian Gerhard Jebsen måtte hjelpe hummarfiskaren i land.

Foto: Redningsskøyta Kristian Gerhard Jebsen

– Det var over 30 m/s med vind og litt heftig for fiskaren å vere i ein båt på 18 fot, seier skipsførar, Vidar Johannesen på redningsskøyta Kristian Gerhard Jebsen.

Fiskaren fekk trøbbel med motoren ved Håstein i Rogaland. Han såg ikkje anna råd enn å ringe etter hjelp.

– Vi kom ut og tok fiskaren over i båten til oss. Han var litt prega av det dårlege vêret og hadde ikkje hatt det så komfortabel, seier Johannesen.

Vêret kom brått på hummarfiskaren som måtte finne ein plass han kunne ligge i le med båten.

– På andre sida av Håstein var det mellom fire og fem meter høge bølger. Enkelte vindkast var oppe i 34 m/s.

Det er venta ruskete dagar framover på Vestlandet. Både hovudredningssentralen på Sola, og den røynde skipsføraren i redningsselskapet, har ei klar oppmoding til dei som har planar om å ta seg ein fisketur.

– Dette er dagen for å vere på land. Eg ville venta til vêret gir seg, så får ein heller fiske ein annan dag.

Redning

FISK EIN ANNAN DAG: Den klare oppmodinga frå både Hovedredningssentralen på Sola og frå redningsskøyta.

Foto: Redningsskøyta Kristian Gerhard Jebsen
Laster Twitter-innhold