Hopp til innhold

Redningsskøyte fekk uvanleg oppdrag

– Eg har eit pussig oppdrag til deg, var meldinga båtførar Marius Strømmen fekk om bord på redningsskøyta «Simrad Buholmen». Det var heilt rett ...

Veranda funnen i fjorden ved Skavøypoll

VERANDA: Redningsmann Håvard Svoren testar ut verandaen i påvente av flo utanfor Skavøypoll.

Foto: Marius Strømmen / Redningsselskapet

For drivande i Nordfjorden utanfor Skavøypoll, var det observert ein drivande veranda, skriv Dagbladet.

Størrelsen var det ikkje noko å seie på; kring 3x7 meter – eller 20 kvadratmeter i impregnert materiale og kvitmåla gelender.

Marius Strømmen, båtførar på Simrad Buholmen.

BÅTFØRAR: Marius Strømmen.

Foto: Ine Anett Syversen / Redningsselskapet

– Eg er vand med mykje rart frå han som meldte ifrå, vi er no vande med mykje rart. Rekved i form av tre som har gått på havet og slikt. Men det er klart det er verre med veranda og terrasse, ler båtførar Marius Strømmen til NRK.no.

Måtte vente på flo

Den flytande terrassen vart observert av båtfolk som såg ein større gjenstand duppande i fjorden.

Gjengen på Simrad Buholmen trengde ikkje reise langt før dei fann det som kunne vere til stor fare for båttrafikken.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fann veranda i fjorden.

SAKNA: Einkvan, truleg som har hytte eller hus langs nordfjorden, saknar denne verandaen.

Foto: Håvard Svoren / Redningsselskapet

– Vi var først ute i 18-tida, men då låg den litt keitete til og berre delvis i vatnet. Hadde vi byrja å dra då, så hadde den gått i stykke. Vi venta på flo og då vi kom ut i 23-tida så var det nesten full flo så den låg flytande. Hadde vi ikkje tatt den då, så hadde den nok forsvunne på nytt, seier Strømmen til NRK.no.

Etter Dagmar?

Med verandaen på slep gjekk redningsskøyta problemfritt til Fiskerikaia i Måløy der den vart lagt på land. Der ligg den no, men eigaren er det ingen som kjenner til.

Strømmen og kollegaene hans mistenkjer at det er eit hus i strandkanten langs nordfjorden som har fått føle kreftene til romjulsorkanen «Dagmar». Då var det mykje som gjekk på fjorden, spesielt i Nordfjord.

– Vi har kome til at noko betre teori at det er eit hus i strandkanten som har fått føle kreftene til «Dagmar» for vel eit år sidan. Så har truleg verandaen blitt skylt inn i ein bortgøymd strandkant og blitt løfta ut i open sjø av vassmassane i går. For det var uvanleg stor flo i området her i går, 2,16 meter, seier Strømmen til Dagbladet.

– Nokon lurer på om det er det same som dei har sett tidlegare, så det er jo godt mogeleg, avsluttar han til NRK.no.

Fann truleg eigar

Torsdag kveld meiner Strømmen at dei kanskje har funne rette eigaren. Dei har førebels ikkje fått kontakt med sommarhuset som har ein eigar litt lengre inne i fjorden.

– Huset ligg på Halneset, rett vest for Måløy. Han har dessutan bygd seg opp ein ny veranda, men litt lengre opp enn der den førre låg, seier han til Sunnmørsposten.

Eigaren vert oppmoda om å ta kontakt med Hamnekontoret i Måløy.

RS Simrad Buholmen

REDNINGSSKØYTE: Simrad Buholmen er stasjonert i Måløy.

Foto: Marius Strømmen