Hopp til innhold

Redningsskøyta fekk folk heim med orkan i kasta

Den sterke vinden i Måløy gjer at fleire må bruke utradisjonelle måtar for å kome seg heim.

Den sterke vinden i Måløy gjer at fleire må bruke utradisjonelle måtar for å kome seg heim.

UVÊR: Redningsskøyta Simrad Buholmen måtte gjennom hardt vêr for å frakte folk heim i stormen.

Tre av dei som vart frakta heim av redningsskøyta tysdag.

PÅ VEG HEIM: Sonja Vedvik, Tone Husevåg og Marte Foss Iversen var alle glade for å kome seg trygt heim.

Foto: Simrad Buholmen / Redningsskøyta

– Det er kjempebra at dei stiller opp og køyrer oss heim. Vi får ikkje med bilane, men det viktigaste er å kome seg heim, seier Sonja Vedvik.

Ho er ein av 40 personar som bur på Husevågøy, og pendlar til dagleg med ferja frå Måløy mot Oldeide. Den sterke vinden i området har sett Måløybrua ut av spel store delar av tysdag, og ferjesambandet har vore innstilt frå tidleg ettermiddag. Elevar på både ungdomsskule og vidaregåande måtte bli verande på skulen langt over skuletid fordi dei ikkje kom seg heim.

Det var skikkeleg uvêr ute på sjøen.

ORKAN: Sjøsprøyten stod då Simrad Buholmen frakta folk ut til HUsevågøy.

Foto: Simrad Buholmen / Redningsskøyta

– Det var dårleg vêr, med opp i orkan i kasta der ute, seier båtførar Håvard Svoren, Simrad Buholmen.

Glade for å kome seg heim

Redningsskøyta Simrad Buholmen har køyrt to turar for å få alle heim, og ligg i beredskap. Den sterke vinden har også ført til at dei måtte legge seg til ro i ei stillare hamn i Måløy.

– Folk var kjempeglade. VI gjorde ei god gjerning i dag, seier Svoren.

Håvard Svoren

GOD GJERNING: Håvard Svoren og dei andre på redningsskøyta er glade for å kunne hjelpe til med å få folk heim.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ei av passasjerane om bord var Tone Husevåg, også ho var glad for å kome seg heim.

– Det var ein heisatur over fjorden, men det er trygge båtar, og vi er vande med slikt, seier ho.

Vinden i området har løya litt, men det er varsla at vinden kan auke på utover kvelden.

– Det er ikkje så ofte dette skjer, for ferjesambandet kjem som regel i gang i løpet av dagen. VI har jo ikkje noko omkøyring hit, så dei fleste som bur på Husevågøy er avhengige av ferja.