Hopp til innhold

Redningsselskapet fjernar distriktskontoret i Florø

Redningsselskapet legg ned kontoret i Sogn og Fjordane. Frivillige svarar med å melde seg ut i protest. – Total kunnskapsmangel og heilt uakseptabelt, seier ein oppskaka Olav Steimler.

Olav Steimler

TREKKJER SEG I PROTEST: Redningsselskapet legg ned distriktskontoret i Sogn og Fjordane når organisasjonen regionaliserer driftsstadane. I framtida skal det frivillige arbeidet leiast frå Bergen – og ikkje Florø. – Dette er feil kurs, og eg vil forlate ei skute som går feil kurs, seier styreleiar Olav Steimler i Redningsselskapet Sogn og Fjordane.

Foto: Privat

Styreleiaren i Redningsselskapet Sogn og Fjordane fekk beskjeden i går. Allereie i dag sa han frå seg styrevervet og melde seg ut av selskapet.

Redningsselskapet ynskjer meir effektiv drift og større miljø for sine tilsette, og flyttar mellom anna årsverket ved avdelingskontoret i Florø til Bergen.

– Eg vil ikkje vere del av dette. Distrikta treng nærleik, og Sogn og Fjordane treng folk som kan Sogn og Fjordane frå inste til ytste. Vi veit det er langt frå Bergen til Stad, og vi veit at Bergen allereie er underbemanna, seier Olav Steimler.

Svekkjer redningsselskapet

Redningsselskapet har sidan starten i 1891 berga liv, verdiar og verna kystmiljøet i norske farvatn. Dei har også drive opplysnings- og ulukkesførebyggande arbeid for å betre tryggleiken for dei som ferdast på sjøen.

Organisasjonen er frivillig og blir driven ved hjelp av innsamla midlar og statlege bidrag over Fiskeri- og kystdepartementet. Steimler fryktar arbeidet her i fylket blir svekka.

– Vi må ha folk for å få ting gjort. For eit par år sidan var vi to tilsette, så er vi redusert til ein tilsett. No ingen lokalt. Den stillinga vi har hatt har vore så sterkt belasta at vedkommande hatt alt for mykje å gjere, men så går det inn i trenden om at alt skal ligge i Bergen og vi skal betenast frå Bergen, seier han.

Frå nyttår

Endringane er allereie vedtekne i Redningsselskapet, og dei håpar å få innføre endringane frå nyttår. Redningsskøytene vil framleis vere i Måløy.

Kristin Wiig Sandnes

FORSVARAR: Distriktsansvaret i Redningsselskapet, Kristin Wiig Sandnes.

Foto: Remi Sagen / NRK

Distriktsansvarleg i Redningsselskapet, Kristin Wiig Sandnes, beklagar at Steimler har meldt seg ut, men lovar at selskapet skal halde fram aktivitetane i Sogn og Fjordane.

– Det handlar om å organisere seg, og vere til stades. Dei som jobbar på kontoret i Bergen må reise til Sogn og Fjordane. Vi skal framleis ha aktivitetane i Sogn og Fjordane, seier ho og nemner både Elias-båten, sommarleirar, førebyggande arbeid og eit planlagt sommarkontor.

– Misser medlemer

– Effektiv drift i Redningsselskapet er nærleik til medlemene, nærleik til lokale sponsorar. I Sogn og Fjordane har vi hatt sterke sponsorar og sterke samarbeidspartnerar. Elias-båten er finansiert av næringslivet. Eg er overtydd om at bankar, reiarlag og organisasjonar kjenner seg svikta gjennom denne avgjerda. Vi er sterkt uroa og radikalt skuffa, seier Steimler.

Sandnes trur og håpar at medlemer og næringsliv held fram å støtte organisasjonen.

– Ein fryktar alltid at inntektene sviktar når ein gjer endringar i organisasjonen, men eg trur likevel at næringslivet er opptekne av sjøtryggleik og beredskap. Så lenge vi leverer trur eg det skal gå fint, seier ho.

– Feil kurs

Sogn og Fjordane er ikkje åleiene om å bli råka av omlegginga. Selskapet vil opprette fire regionar. Det frivillige arbeidet skal leiast frå Tromsø, Ålesund, Bergen, Kristiansand og Horten.

Steimler er sterkt usamd i endringane.

– Vi misser hjelpa vi treng i frivilligheitsarbeidet for å nå ut til folk i viktige kystområde. Vi føler dette ikkje kan dekkast frå Bergen. Dette er heilt uakseptabelt i høve til det store firvilligheitskorpset i vårt område, seier han og avsluttar:

– Dette er feil kurs, og eg vil forlate ei skute som går feil kurs.