NRK Meny
Normal

Kystverket åtvarar mot farleg drivgods i sjøen - redningsleiar ber sjøfarande vere observante

I etterkant av uveret og flaumen som har herja dei siste døgna åtvarar Kystverket mot store mengder farleg drivgods i skipsleia og hamneområda i fjordane på Vestlandet.

KNM Njård utanfor Flåm

KV Njård utanfor Flåm. Kystverket og Kystvakta skal no rydde fjordane for mykje farleg drivgods som følgje av uveret og flaumen. Foto: Geir Bjarte Hjetland

Kystverket har no sett inn strakstiltak med opprydding i skipsleia i dei aktuelle fjordane.

Dei forsøker å samordne innsatsen med Kystvakta, for å få fjerna mest mogleg.

– Må vere ekstremt forsiktige

Distriktsleiar i redningsselskapet, Martin Malkenes, har som sitt daglege virke å hjelpe folk i naud på sjøen.

(Saka held fram under videoen)

Sognefjorden er full av skit og drivved etter flaumen i Sogn.

Han ber innstendig om at folk passar på.

– Folk må vere ekstremt forsiktige når dei ferdast på sjøen no. Det har kome mykje gjenstandar, tre og anna ut i fjordane, seier Malkenes.

– Ta med drivgods om du kan

Klokka er på vintertid og det er mørkt både morgon og kveld. Då er det ekstra viktig å vere forsiktig.

– No er det haust, og dersom folk er på sjøen når det er mørkt må dei vere ekstra observante. Det er rett og slett veldig farleg.

Dersom folk kjem over ting som ligg å flyt i fjorden, bør dei ta det med, seier Malkenes.

– Skulle dei ikkje klare å ta det med, er det viktig at dei informerer styresmaktene, slik at det blir fjerna.

Drivtømmer

DRIVTØMMER: I fjorden i skipsleia mellom Midtfjords, Nærøyfjorden og Lustrafjorden.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser