Hopp til innhold

Dei har leita etter Veronica og Per-Arne - stadig meir bruk for redningshundane

Ekvipasjar frå Norske Redningshundar har vore i sving i to store leiteaksjonar i fylket den siste tida. Hundane er med på rundt 30 aksjonar årleg berre i Sogn og Fjordane. I fjor var det 460 aksjonar på landsbasis.

Yngve Moen med hund

HAR HATT DET TRAVELT: Yngve Moan og Garox er ein av 11 redningshundekvipasjar i Sogn og Fjordane.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Redningshundane har no i haust vore med på leiting både etter Veronica Heggheim Stegegjerdet i Sogndal og etter Per-Arne Hestenes i Gloppen.

Yngve Moan er leiar i Norske Redningshunder Sogn og Fjordane distrikt, og denne veka trenar han og hunden hans, Garox, på søk ved Florø lufthamn.

– Vi pleier å møtast kvar helg i Førde og ha heildagstrening der. Men no har vi ei lita treningsøkt her.

Garox er terrier, og Moan seier han er den einaste av dette hundeslaget mellom dei godkjende redningshundane.

– Dei mest bruke rasane er flat coated retriever, schäfer og rottweiler. I utgangspunktet kan alle hundar brukast, men dei aller minste som ein kan ha i frakkelomma og dei største vil ha problem med å bevege seg i terrenget.

Bringkobbel

Garox har på seg ein gul vest, på toppen av den er det eit lys som kan blinke når det trengst å sjå kvar han er, det er eit telefonnummer, og under halsen har han ein dings.

– Det er eit bringkobbel. Når han er ute og leitar og gjer eit funn så tek han dette i munnen og kjem tilbake og viser på den måten at han har funne noko i terrenget, seier Moan. Etter det blir han send ut på påvising, slik at vi finn ut kvar det er.

Ein annan metode er at hunden blir ståande og bjeffe der han har gjort funn til hundeføraren kjem fram dit. Ved søk i teig går hunden laus, men ved søk etter spor har hundeføraren han i ei line.

Travel tid

Yngve Moan seier at redningshundane i Sogn og Fjordane har hatt ei travel tid i haust.

– Vi har hatt fleire store aksjonar. I Sogndal søkte vi i tre dagar med sju ulike hundeførarar etter Veronica Heggheim Stegegjerdet. Deretter kom leitinga på Byrkjelo (etter Per-Arne Hestenes). Der hadde vi ti hundeførarar i fire dagar, opptil seks kvar dag, så det har vore ein temmeleg aktiv periode.

På Byrkjelo fekk dei hjelp frå Redningshundane i Møre og Romsdal.

Uløna arbeid

I Sogn og Fjordane er det 11 godkjende redningshundar. Dei er delte inn i tre spesialitetar, lavinehundar, ettersøkshundar og ruinsøkshundar. Normalt er det politiet som ber om assistanse.

Og det dei gjer er frivillig arbeid, dei får ikkje løn for det. Likevel strekkjer dei seg langt for å stille opp.

– Det skal mykje til for at vi seier nei når politiet ber om hjelp, seier Moan.