NRK Meny
Normal

Redningshelikoptertenesta blir lagt ut på anbod

Justisdepartementet vil at private aktørar skal overta drifta av redningshelikopterbasen i Florø frå 330-skvadronen til Forsvaret. Lokalpolitikar fryktar det skal gå utover tryggleiken.

330-skvadronen i Florø

LAGT UT PÅ ANBOD: Drifta av redningshelikopterbasen i Florø er lagt ut på anbod.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Drifta av basen og redningshelikopteret er no lagt ut på anbod som skal gjelde for dei komande tre og eit halvt åra.

Gjermund Hagesæter intervjues av TV2

LIKE GOD: Statssekretær Gjermund Hagesæter (FrP) seier det vil vere ein føresetnad at den private aktøren skal kunne levere ei like god teneste som 330-skvadronen og Forsvaret i dag leverer.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Statssekretær Gjermund Hagesæter frå Framstegspartiet slår fast at beredskapen ikkje skal bli svekka sjølv om ein no skal bruke private aktørar.

– Det er gjort ei heilskapleg vurdering av Regjeringa i forhold til dette, men eg vil understreke at dette er ei mellombels løysing. Forsvaret skal vere operatør i Florø på sikt.

– Det er også ein føresetnad at den sivile operatøren skal levere ei like god teneste og utføre dei same oppdraga som i dag blir utført, seier Hagesæter til NRK.no.

Skal ta imot nye redningshelikopter

Helikopterbasen blei oppretta i 2009, og i 2014 slo regjeringa fast at Florø skal vere fast base for redningstenesta. Dette er ikkje endra, seier statssekretæren.

Han forklarar at det er i samband med at Norge får nye redningshelikopter at dei vil la private drive redningsbasen i ein periode.

Når vi skal ta imot dei nye redningshelikoptera er det ganske mykje som skal gjerast i tillegg. Ein skal utdanne personellet og ha mine fire besetningar til ei kvar tid. Samla sett er det ein del ting som gjer at vi har falle ned på det å ha ein sivil operatør.

– Urovekkjande

Jakob Nødseth

UROA: Flora-politikaren Jakob Nødseth fryktar tryggleiken skal bli skadelidande når private skal ta over drifta av redningshelikopterbasen i Florø.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Men privatiseringa av redningsbasen i Florø får førstekandidat for samlingslista i Flora, Jacob Nødseth, til å steile. Han fryktar at dette vil gå ut over tryggleiken.

Eg synest det er urovekkjande at Justisdepartementet legg dette ut på oppdrag. Vi har ein 330-skvadron i Florø i dag som gjer ein formidabel innsats og som sit med spisskompetanse som eg trur få kan samanlikne seg med.

Og så vel ein altså, i ein periode på minimum tre år, å konkurranseutsette ei så viktig teneste for kysten, Sogn og Fjordane og Vestlandet. Eg synest det er ei underleg vurdering, seier Nødseth opprørt.

– Opptekne av god teneste

Flora-politikaren stiller spørsmålet: Kvifor ikkje halde fram med ei løysing som fungerer godt? Men statssekretær Gjermund Hagesæter forsvarar anbodsutlysinga, og avviser at beredskapen vil bli svekka.

– Ein føresetnad vil heile tida vere at den sivile operatøren skal levere ei like god teneste som vi har i dag. Og det vil vi vere veldig opptekne av, seier han.

Høgre-ordførar i Florø, Bengt Solheim-Olsen, er heller ikkje uroa for det som no skjer med redningsbasen.

– Det aller viktigaste er uansett at tryggleiken og beredskapen blir teken vare på, seier han.