Hopp til innhold

Ingen får flytte heim før i morgon

Aurland kommune har no rekvirert redningshelikoper for å evakuere folk som framleis er isolerte av flaumen. Dei som er evakuerte må vente til tidlegast torsdag før dei får flytte heim.

Flåmselvi sine herjingar

FRAMLEIS FOLK ISOLERT: Slik ser det ut dagen etter at Flåmselvi skapte kaos for folk i Flåmsdalen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det er snakk om iallfall ti personar ved Håreina på gardane Ryo og Indrelid som no må hentast med helikopter, fortel ordførar Noralv Distad.

– Desse personane er forsåvidt trygge for vatnet, men dei er heilt isolerte, dei manglar straum, og dei har behov for å kome ut av området.

Difor har han no bestilt redningshelikopter for å frakte dei ut.

(Saka held fram under bilete)

Flåmselvi sine herjingar

KRAFTIGE HERJINGAR: Flåmselvi har herja kraftig. hus heng i lause lufta.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Dårleg flyvêr

– Kvifor er ikkje desse evakuerte tidlegare?

– Dei er i eit trygt område, men all kommunikasjon er broten, dei er straumlause. Slik dei har meldt frå til oss er dei i ein slik situasjon at dei må kome seg ut, og det er eg samd i.

Det er ikkje idelt flyvêr i Flåm akkurat no. Difor måtte eit helikopter som skulle frakte inn fagfolk frå NVE gjere vendereis. Distad håpar no at redningshelikopteret kan flyge desse inn i Flåmsdalen når dei har henta ut dei som er isolerte.

Ordførar Noralv Distad

FOLK MÅ VENTE: Ordførar Noralv Distad i Aurland torer ikkje sleppe folk heimatt enno.

Foto: Geir Bjarte Hjetland

– Før desse har vore og sett på tilhøva kan vi ikkje sleppe andre inn i området, seier ordførar Noralv Distad.

Får ikkje flytte heime enno

Og ingen av dei evakuerte får flytte heim før tidlegast torsdag. I alt 143 personar måtte forlate heimane sine då Flåmselvi gjekk over breiddene sine.

– Grunnen til at dei ikkje kan flytte heim i dag er at vi ikkje har fått teke den synfaringa som må til oppetter heile Flåmsdalen, for å sjå på risiko for oppdemming som kan skape nye flaumsituasjonar.