Hopp til innhold

Redningsaksjon ved foss i Luster

Ei 17 år gamal jente måtte bli henta med helikopter frå Feigumfossen i Luster etter at ho skada hofta i eit fall.

Feigumfossen Luster
Foto: Oddrun Midtbø

– Luftambulansen er på veg og skal forsøke å finne ein plass å lande, sa operasjonsleiar for politiet, Trond Hatlenes tidlegare i dag.

Jenta stod fast kring to kilometer frå vegen og det er svært ulendt terreng i området rundt fossen. Politiet vart kontakta av turfølgjet hennar.

AMK fortel at jenta har blitt frakta til Førde sentralsjukehus, med mistanke om brotskade i hofta.

– Røde Kors er også på veg for å hjelpe til med bering dersom det er behov for dette, sa Hatlenes tidlegare i dag.