Hopp til innhold

Redningsaksjon avblåst i Gulafjorden

Redningsaksjonen som vart sett i gang i Gulen søndag kveld er avslutta.

Høvikholmen

Hovudredningssentralen på Sola fekk i 21.30-tida melding via AMK i Førde om båten som har gått på grunn sør i Gulafjorden.

Meldinga gjekk ut på ein båt som hadde grunnstøytt og rop om hjelp frå Høyvikholmen i Eidsfjorden.

– Vi sendte luftambulansen frå Bergen, returnerte dei då mannen rodde til land sjølv, seier Trond Bjørnøy ved HRS.

Mannen vart teken hand om av den lokale ambulansen og etterkvart køyrt heim.