Hopp til innhold

Har avlyst redningsaksjon etter funn av sjøkabel

Det vitne trudde var ein synkande båt, synte seg å vere ein laus sjøkabel. Redningsaksjonen er no avblåst.

Mogleg redningsaksjon

Redningshelikopter, redningsskøyta, politi og brannvesen rykte ut etter eit mogeleg båtforlis ved Silda i Vågsøy.

Hovudredningssentralen skildra observasjonen som usikker.

– Ein person på land observerte noko som såg ut til å vere eit fartøy i ferd med å søkke. Dei meinte å ha sett master forsvinne i sjøen, fekk NRK opplyst ved Hovudredningssentralen på Sola.

Det var Hovudredningssentralen som koordinerte aksjonen. Redningsskøyta «Simrad Buholmen» rykte ut frå Måløy.

– Vi driver med søk etter melding frå nokon på land om eit fartøy som er på veg ned, stadfesta skipper Marius Strømmen på redningsskøyta.

Det syner seg no at det var ein laus sjøkabel og ikkje ein synkande båt.

– Meldinga gjekk på at melder såg mykje skum og ei mast med kule på toppen som gjekk ned, sa operasjonsleiar Terje Magnussen ved Vest politidistrikt.