Hopp til innhold

Redningsaksjon etter at mann fall over bord

Ein mann er no frakta til sjukehus i Førde, etter at han i ettermiddag fall ut av ein båt ved Raudøya sørvest av Florø i ettermiddag.

Raudøya

Redningshelikopteret i Florø blei send ut for å hjelpe til etter at ein mann fall over bord frå ein ribbåt ved Raudøya ved Askrova i Flora kommune.

Politiet opplyser til NRK at ein først klarte å få mannen ombord i båten, men at mannen er skadd.

– Pasienten er no frakta med redningshelikopteret til Førde sentralsjukehus. Tilstanden til mannen kan vi ikkje seie noko om førebels, får NRK opplyst frå Hovudredningssentralen.