NRK Meny
Normal

Ho hjelper 300 personar med å takle gjelda si

For Åse Menes er det ikkje uvanleg at folk kjem med 20 kredittkort dei ikkje klarer å takle. Ho oppmodar folk om å få hjelp tidleg.

Hjelper folk med gjeld

STREKK SNART IKKJE TIL: Åse Menes kan ha 3 – 4 samtaler med gjeldstynga personar kvar dag. No er ho uroa for at talet kan auke.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

– At det går i arv kjenner eg er leitt. Det gjer noko med meg, då er det vanskelegare å ta tak i for ein har så mykje med seg. Det er tyngre å endre når ein har så mykje i arv, seier gjeldsrådgjevar Åse Menes hos NAV i Førde.

Til NAV- kontoret i Førde kjem det 300 til gjeldsrådgjeving kvart år. Like før jul er det mange som vel kjappe kredittkortlån for å betale for julefesten.

Få lån på minuttet, draumeturen er eit tastetrykk unna, manglar du pengar til jul? Få lån på dagen.

Reklame for kredittkort

Lett å skaffe seg gjeld

Reklame for å skaffe seg kredittkort dukkar opp på nettsider, tv-kanalar, på mobilen og i aviser kvar dag. For dei som manglar pengar kan det vere lett å låne seg fri frå uroa for om ein har pengar til husleige og mat.

På NAV-kontoret i Førde har Åse Menes høyrt det meste. Ho gjev råd og hjelper dei som ikkje lenger har kontroll over eigen økonomi.

– Eg prøver å ikkje ha meir enn 2 gjeldssamtaler kvar dag. Men det kan ofte komme opp i 3 – 4. Vi har 300 saker i Førde i året og det er mykje. Eg er mest uroa for at talet kan auke.

Kjem med gjelda i uopna konvoluttar

Folk kjem på kontoret hennar med bunkar av uopna konvoluttar med rekningar. Saman med Menes vert dei opna, gjeldsbrev skrive, og den lange vegen til å bli gjeldsfri startar.

Betalingsproblem

GJELDA AUKAR I DESEMBER: Kredittselskapa merkar konsekvensen av auka julehandel i mars. Då aukar talet på inkassosaker.

Foto: Idar Krogstad / NRK

Ho er den einaste rådgjevaren på NAV-kontoret no, men fryktar at fleire skal trenge hjelp.

– Etter kvart vil det kanskje bli bruk for fleire. Viss dette held fram.

Sjølv om Sogn og Fjordane er det fylket som kjem best ut på dei fleste statistikkar om gjeld og betaling av gjeld, er det mange som slit.

Fleire treng hjelp til gjeld

NAV Sogn og Fjordane fortel at det er fleire og fleire som treng gjeldsrådgjeving på kontora deira. Fleire må inn i stramme gjeldsordningar.

Ein einsleg person sit då att med nesten 8000 kroner til livsopphald. Resten vert trekt til betaling av lån, renter og kredtittkortgjeld. Hugo Mølmesdal i Credicare ser ein klar tendens til at forbruket i desember får konsekvensar.

– Viss ein ikkje har gjort opp for seg så får ein betalingsmerknad. Og har ein fått betalingsmerknad så får ein problem med å få nytt lån. Vi veit at mange har stort forbruk i denne perioden. Og at mange av dei som har problem med å gjere opp for seg får eit aukande problem. Så kjem det att i januar.

– Vi ser i inkassobransjen at når det kjem til mars er det fleire saker som går til inkasso, då får vi ein oppsving. Dette heng nok saman, seier Hugo Mølmesdal i kredittselskapet Credicare.

Unge er typiske gjeldsslavar

Talet på inkassosaker ligg ganske stabilt på landsplan, men talet auka i fjor. Mølmesdal seier dei ser spesielt ei gruppe som har vekse.

– Vi ser eigentleg andre sida av saka når folk får problem. Vi ser samanhengen mellom kredittgjeld, og typisk at unge som får mogelegheit å stifte gjeld får tilgang på pengar dei ikkje trudde dei skulle få og det er kanskje lett tilgjengeleg.

Men sjølv med betalingsmerknad er det fleire som sit med opp mot 20 kredittkort.

– Dei som har lite dei fell for freistinga å gå inn på noko slikt. Så når dei ikkje klarer å betale dette skaffar dei seg nytt kredittkort for å betale det andre. Eg har tilfelle med opptil 20 kredittkort før det seier stopp, seier Åse Menes på NAV.

– Alle kan bli gjeldsoffer

Menes har slutta å bli overraska over kva situasjonar folk har kome i. Det er alt frå unge som handlar data på kreditt, til foreldre som ikkje har pengar lenger til husleiga eller straumen.

– Kanskje mest unge er det nok. Det er familiar, einslege og unge. Alle kan komme i ein slik situasjon. Det er det er viktig å få hjelp, og få hjelp tidleg.

– Uansett kor stort eller lite problemet er, så er det berre å komme. Folk må ikkje utsette problemet.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast