NRK Meny
Normal

To personar er redda etter at båten deira kvelva i Sognefjorden

To personar er redda etter at katamaranen deira kvelva i Sognefjorden laurdag kveld.

Kantra seglbåt

HJELPTE TIL: Fleire fritidsbåtar var med i redningsaksjonen. Den kantra båten ligg til høgre i biletet.

Foto: NRK-tipsar

– Klokka 20.21 fekk vi stadfesta at dei to personane var tekne om bord i ein båt i området. Vi fekk også stadfesta at det ikkje var andre personar om bord i båten, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Inge Værøy.

Dei to personane står fram som uskadde etter hendinga.

– Dei var naturleg nok våte og kalde. Dei er nok komne i land og vert sjekka av lege. Førebels har eg ingen opplysningar om personane, seier Værøy.

(Artikkelen held fram under biletet)

Redningsmannskap på plass

KLAR: Ambulanse er på plass på Leikanger.

Foto: Torben Stedje / NRK

Var personar på land som melde frå

Det var personar på land som observerte kantringa og melde ifrå til politiet om hendinga, og det vart ikkje registrert naudsignal frå den kantra båten.

– Vi fekk melding klokka 19.44 om at ein katamaran eller seglbåt hadde kantra midtfjords i Sognefjorden, mellom Leikanger og Feios, fortel Værøy.

To personar vart observerte på skroget av båten og det vart sett i gang full redningsaksjon.

(Artikkelen held fram under biletet)

Luftambulanse over havaristen

HELIKOPTER: Både redningshelikopter frå 330-skvadronen og ambulansehelikopter vart sende til staden.

Foto: NRK-tipsar

Både luftambulanse frå Førde og redningshelikopter frå 330-skvadronen vart sende til staden.

I tillegg var fire-fem fritidsbåtar involverte i redningsaksjonen, og dei to personane som var på havaristen skal ha vorte plukka opp av ein av desse.

– Vi sende ut både redningshelikopter og luftambulanse, og det var også fleire båtar som vart sende ut til havaristen, seier Værøy.

(Artikkelen held fram under biletet)

Politi på veg til havaristen

PÅ VEG UT: Politi drog ut med båt frå Leikanger for å hjelpe havaristen.

Foto: Torben Stedje / NRK

Er kraftig vind i området

Kva som skjer med det havarerte fartøyet er framleis ikkje klart.

– Førebels ligg han og driv midtfjords. Det er kraftig vind i området. Ein vil måtte forsøke å få sikra den til land, men det er førebels ikkje avgjort når og korleis dette skal skje, seier Værøy.

Leikanger ligg i indre Sogn. Sognefjorden er verdas lengste fjord med sine 205 kilometer.

Laster kart, vennligst vent...
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.