Hopp til innhold

Skulle berre svinge unna tre hjortar - enda utfor vegen

Sjåføren berga livet til dei tre hjortane som hoppa ut i vegen på fylkesveg 614 i Ålfotdalen. Men lastebilen han køyrde, enda i grøfta...

Berga lastebil på fv. 614

MÅTTE HA HJELP: Det måtte bilberging til for å få lastebilen heim til Førde.

Foto: NRK-tipsar

– Heldigvis gjekk det bra med sjåføren. Det er det viktigaste, seier Kjell Arild Knutson i Hoff & Knutson Transport AS.

Lastebilen var utan last og var på veg inn att til Førde då uhellet skjedde i 11-tida fredag. Dei tre hjortane stod midt i vegen, og sjåføren såg ikkje anna utveg enn å prøve å svinge utom.

– Han prøvde først å bremse ned. Men då han såg at det ikkje heldt, så måtte han berre svinge unna, seier Knutson.

Følgde grøfta bortover

Medan sjåføren gjorde sitt beste for å stoppe bilen, spratt hjortane sin veg. Truleg lukkeleg uvitande om kva dei hadde (g)hjort...

– Hjortane gjekk det bra med, ja. Dei forsvann. Men lastebilen hamna utfor vegbana og følgde grøfta ei stund, før han vart ståande, seier Knutson.

Ironisk nok hadde det lønt seg for bileigaren om hjorten hadde vorte påkøyrd.

– Reglane er slik at dersom ein er borti hjorten, så mister ein ikkje bonus. Men slik er det no, seier Knutson.

Lastebilen har fått øydelagt eit hjul, i tillegg til at det lek noko frå framparten. Knutson er usikker på kor lang tid det tek å få køyretøyet på vegen att.

– Han er iallfall ikkje køyrbar slik han er no. Vi lyt berre sjå, seier Knutson, som i grunn har fått nok av hjort for ei god stund.

To hjorteuhell på same veka

Tidlegare i veka hadde ein annan av sjåførane hans også eit ublidt møte med ein hjort, denne gongen på E39 ved Ålhus.

Og der kom ikkje hjorten heilskinna frå det. Men det gjorde heller ikkje lastebilen.

– Heldigvis gjekk det også der bra med sjåføren. Det er jo det som er det aller viktigaste. Alt anna kan vi ordne. Men det tek jo litt tid å få tak i nye delar og få alt på plass. Men slik er det berre, seier Knutson.

– Litt lei av hjort no?

– Det har vore nok hjort denne veka, kan du seie, smiler Knutson.

Personleg håpar han den neste hjorten han ser, ligg ferdig dandert og oppskoren på middagstallerkenen, med god saus på.

– Eg føretrekkjer den varianten framfor at dei hamnar i grillen på bilen, ja, ler Knutson.