Hopp til innhold

Kasta anker fem meter frå land - så måtte ungdommane reddast

Ungdommane var berre nokre meter frå land, men likevel måtte redningsskøyta kome til hjelp då motoren deira stoppa.

Motorstopp til sjøs

MOTORSTOPP: Seglbåten kasta anker berre fem meter frå land då dei fekk motorstopp.

Foto: Leiv Peder Bratli

– Vi fekk oppringing direkte frå båten rundt kl 20. Dei fortalde at dei hadde fått motorstopp utanfor Risøya og at dei var fem personar om bord, fortel skipper Per Bergmann frå redningsskøyta Halfdan Grieg i Måløy.

Udramatisk

Redningsskøyta var på staden 15 minutt seinare. Ifølgje Bergmann fortona det heile seg ganske så udramatisk.

Vennegjengen på tur frå Tongane kystfort til Måløy, då påhengsmotoren plutseleg stoppa. Dei dreiv mot land, men klarte å halde seg på djupt vatn ved å slengje ut ankeret fem meter frå land, skriv redningsselskapet.no.

– Det var ikkje nok stor fare, for det var fint vêr og vindstille. Dei hadde det bra, fortel Bergmann.

– Dei sat i ei lita vik der. Dei hadde blitt litt kalde, så vi tok dei om bord. Så slepa vi dei til Måløy der vi fekk lagt båten til kai.

(Artikkelen held fram under biletet)

Per Bergmann

REDDAR SJØPÅSKA: Skipper Per Bergmann på redningsskøyta Halfdan Grieg.

Foto: Leiv Peder Bratli

Litt pinleg

Redningsaksjonen vart heldigvis av det kjekke slaget, då det viste seg at ein av ungdommane om bord hadde hatt utplassering på Halfdan Grieg for nokre år sidan.

– Han tykte blant anna det var artig å sjå responstida vår, men han vart litt flau då maskinisten vår seinare oppdaga at det berre var bensinslangen som hadde ramla av, ler Bergmann.

– Får de mange tilsvarande oppdrag i påska?

– Ja. Mange nyttar påskeveka til å ta ut fritidsbåtane sine. Då er det gjerne litt skit på tankane og då går tankane tett. Det er klassisk at vi køyrer ut til folk med tette filter, seier Bergmann.

Fleire oppdrag i finvêr

Skipperen reknar med at det blir fleire oppdrag utover i påska, spesielt om det vert finvêr.

Dersom det er fint vêr er det mange oppdrag og dersom er dårleg vêr er det faktisk færre. Ingen av fritidsbåtane ser ut til å dra ut i dårleg vêr.

– Korleis kan ein unngå å bli henta av Redningsskøyta i påska?

– Ein bør lære seg å skifte dieselfilter på sin eigen båt, lufte og få det i gong igjen. Då kjem ein veldig langt. Vidare bør ein ta med eit ekstra filter og kanskje ei viftereim, oppmodar Bergmann.