Hopp til innhold

Redda etter 20 timar på fjellet

Etter over 20 timar på fjellet og ei lang, kald natt, vart elevane frå Nordhordland folkehøgskule redda ned av redningshelikopteret. Det er ei oppleving Hans Henrik Gjeterud alltid vil hugse.

Elevar redda Lodalskåpa

ENDELEG NEDE: Etter ei lang natt på fjellet, smakte pizzaen og brusen som Laila Gjerde og Jostedalen hotell serverte i dei tidlege morgontimane svært godt.

Foto: Hans Henrik Gjeterud

– Det var ei fantastisk kjensle. Eg trur ikkje eg kjem til å gløyme det nokon gong. Det var godt å vite at vi endeleg skulle komme ned frå fjellet etter over 20 timar der oppe.

Elevane ved lina for idrett- og friluftsliv på folkehøgskulen starta tidleg tysdag morgon frå Bødalsseter.

Målet var Lodalskåpa, det høgste fjellet på Jostadalsbreen, med ein topp på 2083 meter. Turen er rekna til om lag 12 timar tur-retur, og skulle ta heile dagen.

Mindre planlagd var det at turen også tok heile natta. Rundt klokka 17.30 vart politiet varsla. Elevane og læraren fann ikkje vegen ned, stod fast på 1700 meter og måtte ha hjelp.

30 meters sikt og forvirrande spor

Hans Henrik Gjeterud

GJETERUD: Tøffe og kalde timar på fjellet.

Foto: Privat

Dei gjekk mot toppen, men gav opp og måtte snu. Grunnen var tåke og fleire kalde elevar.

Litt ut på ettermiddagen kom tåka sigande fort.

– Det gjekk greitt nedover fjellet, men då vi skulle ned frå isbreen fann vi ikkje vegen tilbake. Vi gjekk å leita etter vegen, men gjekk berre fram og tilbake. Våre eigne spor forvirra oss berre meir, seier Gjeterud.

Det var håplaust.

– Etter ein del timar på breen måtte vi berre gje opp, og gå tilbake til fjellet for å vite kvar vi var. Det var ikkje meir enn 30 meters sikt, kanskje.

– Alle har sett det verste i alle

Turen var det første toppturen for dette årets kull på folkehøgskulen: starten av ein fire dagars tur for å gå toppturar. Det var ikkje slik det skulle starte for dei unge elevane som berre ville nyte naturen.

– Det var veldig spesielt. Det var ein tøff tur.

Dei siste elevane var ikkje nede før klokka 04.00 natt til onsdag. Men Gjeterud vel allereie dagen etter, med berre nokre få timars søvn, likevel å sjå positivt på opplevinga.

– Eg trur vi kjem til å bli ein endå meir samansveisa klasse no. Dette er ei oppleving alle kjem til å hugse. Vi har på ein måte sett det verste i alle, seier Gjeterud.

Hans Henrik Gjeterud

TETTARE BAND: Gjeterud vel å sjå på korleis timane på fjellet kan vere positive for elevane.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Timane på 1700 meter, i stummande mørke og kulde, var prega av ulike kjensler.

– Eg følte meg ganske trygg. Men det låg ein uvisse der, for vi visste ikkje kva tid vi kunne komme ned. Det låg ikkje i vår makt å få oss ned. Eg var eigentleg mest uroa for dei som fraus og korleis det skulle gå med dei, seier Gjeterud.

Vil tilbake på hesten

Elevane har no sove, og fått i seg varm mat. Fjellet der oppe verkar fjernt.

– Akkurat no trur eg ikkje eg har forstått heilt kva eg har vore med på. Men det vert ei sterk oppleving å tenke tilbake på.

– Har du vorte redd for å reise på fjellturar seinare etter dette?

– Det er klart det var litt traumatisk, men eg vil fortsetje å reise på fjellturar. At redningspersonellet kom å henta oss sopass fort gir eigentleg ei tryggleikskjensle, seier han.

Elevar berga av helikopter. Foto: Hans Henrik Gjeterud.

Foto: Hans Henrik Gjeterud.