Hopp til innhold

Redd for sentralsjukehuset

Ni ordførarar i Sunnfjord og HAFs-området krev no at stortingskandidatane engasjerer seg meir i Førde Sentralsjukehus, og at dei vitjar sjukehuset i løpet av valkampen. Det skriv Firda.

Førde sentralsjukehus
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Det er ordførarane frå Førde, Naustdal, Flora, Gaular, Jølster, Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund som står bak kravet. Dei forlangar at kandidatane set seg inn i kva sentralsjukehuset betyr for fylket.

Ingen av stortingskandidatane skal besøke sentralsjukehuset i løpet av valkampen.

– Sentralsjukehuset blir demontert

Jenny Følling

Jenny Følling

Foto: Dagrun Reiakvam

Ordførar i Gaular, Jenny Følling, seier at sentralsjukehuset er i ferd med å bli demontert.

– Folk tek det for gitt at det skal gå av seg sjølv. men det er ikkje slik. Dei siste sju åra er det redusert 70 senger ved sentralsjukehuset, og tek vi med dei som forsvann i Florø er vi ned med 100. Talet på klinikkar er redusert frå sju til tre. Geriatriteamet og tilbodet til kronikarar og rehabilitering er lagt ned, seier ho.

Berebjelken

Tidlegare fylkespolitikar og medlem av støttegruppa for Førde sentralsjukehus, Ingrid Astor, seier til Firda at sentralsjukehuset er berebjelken i helsevesenet i Sogn og Fjordane.

– Utan eit sterkt sentralsjukehus får du heller ikkje gode lokalsjukehus, seier ho.

Ordførar i Naustdal, Håkon Myrvang, seier seg samd med Astor.
– Kommunehelsetenesta treng eit sterkt fagleg miljø å støtte seg på, seier han.

Etterlyst i fleire år

Ordførar i Førde, Nils Gjerland

Ordførar i Førde, Nils Gjerland

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Førde-ordførar Nils Gjerland seier dei mange år har prøvd å peike på behovet for eit sterkt sentralsjukehus, men at interessa frå Sogn og Fjordane benken på Stortinget har vore urovekkjande låg.

– Kandidatane svarer unnvikande. Så no må vi få dei hit og få fram fakta, seier han.

Blandar seg inn

Statsrådar har tidlegare grepe inn i styringa av lokalsjukehus. Liv Signe Navarsete gjekk nyleg til helseministeren med detaljspørsmål om sjukehuset i heimbygda si, Lærdal.

Heidi Grande Røys fekk helseministeren til å stogge salet av sjukehusbygget i heimbygda Florø , noko som førte til at Helse Førde la ned geriatrisk team i staden for, for å spare pengar.

Ingrid Astor seier ein statsråd ikkje kan blande seg inn slik.

– Det er ein grendepolitikk eg har store problem med. Ein kan ikkje berre tenkje på si eiga grend.

Astor saknar ei heilskapstenking frå politikarane som vil styre landet.

– Styrt av lydvolum

Arve Helle, ordførar i Fjaler, seier at sjukehuspolitikken blir styrt av lydvolum, og at sentralsjukehuset har drukna i støyen rundt lokalsjukehusa.

– No må folk vakne og sjå kor viktig dette sjukehuset er for heile fylket, seier han til avisa.