NRK Meny
Normal

Høgskulen er redd ho skal straffa dei økonomisk viss dei seier nei til Vestlands-fusjon

– Det er det ingen grunn til, seier Kristin Vinje (H). Men dei fusjonsmotvillige høgskulane fekk ingen stipendiatstillingar av henne og det borgarlege stortingsfleirtalet.

Kristin Vinje

GAV INGEN STILLINGAR TIL FUSJONSSKEPTISKE HISF: – I det tilfellet ville me støtta opp under samanslåingane som gjekk føre seg, men det er ingen strategi bak eit slikt vedtak, seier Kristin Vinje (H) i utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Ei slik frykt bør ikkje liggja til grunn for kva Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) vel å gjera. Det er det ingen grunn til. Det som er viktig, er korleis HiSF skal kunna klara å overleva og posisjonera seg i det framtidige universitets- og høgskulelandskapet, seier Kristin Vinje, utdanningspolitisk talsperson for Høgre på Stortinget.

Ved HiSF er det ei uro for å bli straffa økonomisk viss dei seier nei til ein fusjon. Mange har peika på eit stortingsvedtak i fjor haust som ein forsmak på kva som kan vera i vente:

Då fordelte Stortinget over 300 stipendiatstillingar, som er ei fireårig pengestøtte til forskarar som skal skrive doktorgrad. HiSF fekk ingen. Det gjorde heller ikkje andre fusjonsmotvillige høgskular, som Lillehammer, Volda, Hedmark og Østfold.

«Ville støtta opp under fusjonane»

Men slik treng det ikkje bli i statsbudsjettet for 2017, seier Vinje i Høgre, som utgjorde stortingsfleirtalet saman med Frp, KrF og Venstre.

– Me ville støtta opp under fusjonane som gjekk føre seg, fordi me visste at det ville vera kjærkome. Men bak eit slikt vedtak er det ingen strategi, som vil liggja til grunn for seinare handsaming, seier Vinje.

– Det er eit godt signal, seier HiSF-rektor Rasmus Stokke:

– Men me må òg sjå på realitetane, og stipendiatstillingar er ein av dei store vekstimpulsane som staten gir høgskulane. Dei mange hundre stillingane som er delte ut dei siste to åra har gått til universiteta og dei større høgskulane.

Rasmus Stokke

FUSJON: Ei vurdering HiSF-rektor Rasmus Stokke må gjera er om Sogndal og Førde vil bli prioritert med nye stipendiatstillingar og studieplassar i ein eventuelt samanslått Vestlands-høgskule viss leiinga har tyngdepunktet i Bergen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Skilsetjande tid

Stokke skriv for tida på tilrådinga si til høgskulestyret om HiSF skal gå inn i fusjonsforhandlingar med Høgskulen i Bergen og Høgskulen Stord/Haugesund, noko Bergen, Stord/Haugesund og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) ivrar sterkt for. Styret skal seia ja eller nei 4. februar.

Redsla for å tapa stortingskampen om nye studentplassar og stipendiatstillingar ved eit fusjons-nei, er utbreidd og vil vera ei av fleire sentrale vurderingar i utgreiinga, seier Stokke:

– Ja då, me har lese teikninga. Dette er ein del av risikovurderingane me står midt oppi no når me skal ta stilling til fusjonsforhandlingar.

Redd gjennomstrøyminga blir svekka

Uansett stipendiatstillingar – HiSF sitt økonomiske grunnfjell er tildelinga høgskulen får over statsbudsjettet, 377 millionar kroner for 2016, som utgjer 90 prosent av inntektene.

Løyvinga blir mellom anna bestemt av studenttalet og kor mange av dei som kjem seg gjennom studia på planlagt tid. HiSF har hatt vekst i studenttalet og ligg i det nasjonale toppsjiktet i studentgjennomstrøyming. Det betyr meir pengar frå staten – og er meir eit argument mot ein fusjon enn for sidan HiSF på dette punktet gjer det bra på eigen kjøl, seier Stokke:

– Me føler utryggleik for at studentgjennomstrøyminga kan svekkja seg viss me fusjonerer.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.