Hopp til innhold

Redd for bjørne-fokus

Fryktar at dyrevernarar skal bli provoserte.

- Eg meiner ikkje at vi skal skjule noko, men eg meiner det er viktig at vi ikkje overfokuserer på det. Vi ser det at desse organisasjonane blir sterkare og sterkare slik at det blir vanskelegare å få teke dei ut, seier styremedlem i Norsk Sau og Geit, Erling Offerdal frå Årdal.

Bjørnen som vart skoten i Fjærland søndag, har fått enorm mediemerksemd. Alle ville ha ein bit av bjørnen. Offerdal er redd for at fokuset vil vere med på provosere dei som vil verne rovdyra, og fryktar konsekvensen av det.