Hopp til innhold

Redd for å hamne utanfor det gode selskapet

Fylkesmann Anne Karin Hamre vil ha tre nye storkommunar i Sogn og Fjordane. Dei fleste kommunane i fylket vil likevel halde fram åleine, og fleire av dei er no usikre på korleis det skal gå.

Olav Turvoll

I STUSS: Ordførar i Vik Olav Turvoll er i utgangspunktet skeptisk til kommunesamanslåing, men etter framlegginga til fylkesmannen i dag, har han vorte i stuss.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Eg kjenner meg litt som ein sporv i tranedans når det no dannar seg store kommunar rundt oss. Det sa ordførar i Vik Olav Turvoll etter at fylkesmannen la fram si tilråding til nytt kommunekart.

Fylkesmannen har gjeve eit fagleg råd til regjering og Storting, og det er at blir danna nye storkommunar i indre Sogn, på kysten av Nordfjord og i indre Sunnfjord.

Les også: Slik vil fylkesmannen ha kommunekartet

Ho ligg likevel opp til at dei fleste kommunane skal halde fram som før. Dei ulike kommunane reagerer svært ulikt på den beskjeden.

I Vik har eit overveldande fleirtal røysta nei til kommunesamanslåing, men ordførar Turvoll er usikker på om det vil vere mogleg å halde fram åleine.

Han har lenge vore ein kritikar av kommunesamanslåing, men no er han i stuss. Framover vil han vurdere både ei samanslåing over fylkesgrensa mot Voss, og å gå saman med dei tre andre i den nye storkommunen i indre Sogn.

Det nye kommunekartet

SLIK VIL HO HA DET: Dette kartet syner kommunesamanslåingane som fylkesmann Anne Karin Hamre ser føre seg i Sogn og Fjordane.

Foto: Christian Blom

Glad for å stå åleine

Ein annan som blir ståande åleine er ordførar Ivar Kvalen i Luster. Han er derimot strålande fornøgd med det.

– Eg er veldig glad for at fylkesmannen har respektert den politiske viljen i Luster om å framleis stå åleine.

Ivar Kvalen og fylkesmannen

LETTA OG GLAD: Ordførar Ivar Kvalen var letta og glad over at fylkesmannen ville la han halde fram åleine.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Luster er med sine 5000 innbyggjarar ein viktig del av det bu- og arbeidsområdet som blir slått saman når Hamre tilrår ein storkommune med Leikanger, Sogndal og Balestrand. Fylkesmannen har likevel lagt vekt på at kommunen har god økonomi, og ser ut til å klare seg bra åleine.

– Vi har vore klare på vårt standpunkt om å stå åleine heile vegen, og eg er letta over at Hamre respekterer det, seier Kvalen.

Sint over å stå åleine

Medan Luster er letta og Vik er i stuss, er ordførar i Nordfjordkommunen Eid rasande over å måtte stå åleine.

Alfred Bjørlo, Venstre i fylkestinget

MISFORNØGD: Eid-ordførar er irritert på at fylkesmannen ikkje tvingar fram ei samanslåing mellom Eid, Gloppen og Stryn i indre Nordfjord.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Både i indre Sogn og på kysten i Nordfjord ser vi at fylkesmannen går på tvers av folkeviljen, og då kan eg ikkje forstå kvifor ho ikkje er konsekvent og gjer det same i indre nordfjord, seier ordførar Alfred Bjørlo (V).

I Eid har eit solid fleirtal på 56 prosent røysta for kommunesamanslåing med nabo Gloppen. I naboen røysta derimot eit knapt fleirtal på 50,80 prosent nei. Bjørlo meiner det er mandat nok til å tvinge saman ein kommune.

– Potensial for ein ny storkommune her er like stort her som i Sogn, og eg skulle ønske Hamre kunne ha vore like offensiv i Nordfjord som ho er der, seier Bjørlo.