Frå 28. mai kan det bli streik også i Norsk grafisk forbund. Og det er alt bestemt at grafikarane og typografane i trykkeriet til Firda blir råka. Men trykkeriet lagar også avisa til Firdaposten, og redaktør Svend Arne Vee meiner det er hans plikt å finne ein ny oppdragsgjevar.
Journalistlaget provosert
Dette provoserer leiar i Sogn og Fjordane Journalistlag, Lars Kristian Solem. Han meiner dette vil vere streikebryteri og forventar at Vee ikkje gjennomfører planane.
Trykking på Leikanger
Svend Arne Vee står på sitt og har alt spurt Ingvald Husabø prenteverk på Leikanger om å trykke avisa frå 28. mai, dersom Firda Trykk blir råka av ein eventuell streik i Norsk Grafisk Forbund.