Redaktørar reagerer på språk-stunt

VG Nett og Dagbladet.no sine forsider automatisk redigert på nynorsk. Slik aksjonerer Norsk Målungdom for å nynorsk inn i riks-nettavisene.

Nynorsk-stunt mot nettaviser

PÅ NYNORSK: På eigne nettadresser (nynorskvg og nynorskdb) serverer Norsk Målungdom landets største nettavis-framsider på nynorsk.

Foto: skjermdump, målungdom.no

Sidan måndag ettermiddag har nettsida til Norsk Målungdom servert VG- og Dagbladet-forsidene redigert på nynorsk. Sidene blir automatisk oppdaterte og fører deg vidare inn til nettavisene sine reelle artiklar.

Krev nettsida fjerna

Sjefredaktør Lars Helle i Dagbladet reagerer.

Lars Helle

– UAKSEPTABELT: Sjefredaktør Lars Helle krev aksjonen fjerna frå nettet.

Foto: Berit Roald / Scanpix

– Eg har sagt ifrå til målungdommen om at dette synest eg lite om. Eg reagerer på bruken av Dagbladet-logoen. Dette er ei prinsipiell sak der logoen blir brukt utanfor Dagladet-redaksjonen sin kontroll, seier han til NRK.no.

Helle viser til at målungdomen gjennom kampanjen tek seg til rette og brukar ei ettertrakta merkevare.

– Det er eit evig press mot vår merkevare. Det er mange interesseorganisasjonar og andre som gjerne vil bruke oss i kampanjar. Eg forstår godt at dei har aksjonar for nynorsken, og kanskje er dette litt humoristisk gjort. Men eg kan ikkje akseptere denne bruken av Dagbladet og krev at dette så raskt som mogleg blir fjerna, seier Dagbladet-redaktøren.

VG Nett: – Dette er stofftjuveri

Heller ikkje i VG Nett blir stuntet frå målungdomen motatt med begeistring.

– Dette er eit klart brot på opphavsretten. Det er først og fremst stofftjuveri, seier ansvarleg redaktør Espen Egil Hansen i VG Multimedia.

Han forventar at målungdomen som ein ansvarleg organisasjon ordnar opp.

Espen Egil Hansen

– BROT PÅ OPPHAVSRETTEN: Ansvarleg redaktør Espen Egil Hansen i VG Multimedia har lite sans for Norsk Målungdom sin kampanje.

Foto: VG

– Eg må også seie at eg er overraska over at når ein først gjer dette, så nyttar ein maskinelt språk. Det er jo litt spesielt at ein organisasjon som jobbar for språk, gjer det på denne måten, seier Hansen og viser til at den automatiske oversetjinga til nynorsk ber preg av å vere tilfeldig.

Ei finlesing på dei fiktive framsidene avslører eit samansurium av nynorsk og bokmål.

Berre bokmål

Når det gjeld nynorsk i VG og VG Nett sine spalter, fører målungdomen ein tapt kamp, skal ein trur Espen Egil Hansen.

– Dette er ei sak som mållaget og målungdomen har jobba for i mange år. Det er derfor dei eksisterer. Og det er eit legitimt standpunkt, det. Men VG og VG Nett brukar eit moderat bokmål. Vi tillet nynorsk i debattinnlegg og debattforum, men det redaksjonelle språket vil også i framtida vere bokmål, fastslår Hansen.

Meir nynorsk er heller ikkje i vente i Dagbladet, korkje på nett eller papir.

– Vi har nynorsk i debattinnlegga. Dagbladet har ikkje noko mot nynorsk, men har ei redaksjonell linje på bokmål. Det skal vere føreseieleg. Vi kjem ikkje til å endre på dette. Men vi skriv det mange oppfattar som eit radikalt bokmål, vi er ikkje konservative, seier redaktør Lars Helle.

Vil sjå på nettløysinga

Leiar i Norsk Målungdom, Janne-Kristin Svarstad Nygård, er kjend med at Dagbladet reagerer på bruken av avisa si nettframside.

Janne-Kristin Nygård

TEK KRITIKKEN PÅ ALVOR: Janne-Kristin Nygård Svarstad i Norsk Målungdom vil sjå på den omstridde nettkampanjen. Men kampen for nynorsk i riksavisene held fram, lovar ho.

Foto: Norsk Målungdom

– Eg hadde ein hyggjeleg telefonsamtale med Lars Helle i dag. Vi skal sjå på dette i morgon, lovar Svarstad Nygård måndag kveld.

Etter det ho kjenner til, har organisasjonen ikkje mottatt klager frå VG.

– Når de først aksjonerer slik, burde ein ikkje vente at målungdommen serverer korrekt nynorsk, ikkje automatisk maskinomsetjing?

– Dette er det beste vi har, men vi skulle gjerne hatt folk som skreiv manuelt.

Misfornøgd med svara

– Korkje Dagbladet eller VG vil opne opp for nynorsk. Kva seier du til det?

– Eg tykkjer vi ofte får lite konkrete svar. «Slik har det vore og slik skal det vere». Dei kunne godt argumentert betre. Vi vil ikkje ha reine nynorskaviser, eller talfesta grense på kor mykje norsk ein skal nytte, slik NRK har. Men vi vil ha ei oppmjuking.

– Kva med aviser og nettaviser som berre skriv nynorsk?

– Eg meiner det er forskjell på riks- og lokalmedia. VG, til dømes, skal dekkje heile Norge, og dei ønskjer å vere folkelege. Kva er meir folkeleg enn nynorsk?

Svarstad Nygård seier ho høyrt om journalistar som har freista å skrive nynorsk i riksavisene, men ikkje fått lov.

– Eg trur fleire ville gripe sjansen om det vart opna opp for nynorsk, seier målungdomsleiaren som lovar at ho tysdag vil sjå på det VG og Dagbladet karakteriserer som stofftjuveri.

Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.