Hopp til innhold

Redaktørar reagerer på forslag om pressekutt - fryktar avisdød framover

– Kutt i pressestøtta kan på sikt føre til at aviser vert lagde ned, seier redaktør Svend Arne Vee i Firdaposten.

Svend Arne Vee og Firdaposten

FRYKTAR FOR LOKALAVISENE: Redaktør i Firdaposten, Svend Arne Vee, seier fleire aviser kan forsvinne om pressestøtta forsvinn.

Foto: Dag Frøyen, Firdaposten/Ottar Starheim, NRK

Kulturdepartementet foreslår at nummer ein-aviser med opplag mellom 4000 og 6000 ikkje lenger skal få produksjonstilskot. Firdaposten er ei av tre aviser i fylket som vil verte råka dersom kuttforslaget vert vedteke.

Redaktør i Firdaposten, Svend Arne Vee, trur avisdød kan verte resultatet dersom regjeringa sitt framlegg til kutt i pressestøtta vert ein realitet.

– At aviser blir lagt ned som følgje av dette, er eg overbevist om, seier han.

Får om lag 400.000 kroner kvar

Regjeringa foreslår å kutte produksjonsstøtta for aviser som har mellom 4000 og 6000 i opplag og som er størst eller åleine på utgjevarstaden.

– For vår avis som får knappe 400.000 kroner årleg i produksjonstilskot, kan det bety at vi må kutte årsverk.

I Sogn og Fjordane vil også Fjordingen og Fjordenes Tidende bli råka av kuttforslaget. Desse avisene får i år 430.000 kroner kvar i produksjonstilskot. Vee meiner regjeringa sine kuttforslag kjem på verst mogleg tidspunkt.

– Timingen er ganske dårleg, nettopp fordi avisene har store utfordringar på kostnadssida med å ta steget over på digitale plattformer. I tillegg ønskjer ein å innføre moms på skrivne ord, det kjem i tillegg til pressestøtte-kutta, seier han.

Kom overraskande på redaktørane

Erling Wåge

VIL MERKE KUTTET: Redaktør Erling Wåge i Fjordenes Tidende blir ramma om pressestøtta forsvinn.

Foto: odd l. drabløs

Også Fjordenes Tidende i Måløy vil merke kutta godt, seier redaktør Erling Wåge.

– For oss er det bortimot ein halv million kroner. Det er vesentleg, seier han.

Redaktørane i fylket møtte for tre veker sidan stortingsbenken frå Sogn og Fjordane til eit møte nettopp om utfordringane for avisbransjen.

– Der var Bjørn Lødemel frå Høgre og han signaliserte ikkje nokre slike endringar som vil komme så fort. Berre fire eller fem dagar etter møtet, kom forslaget om at regjeringa vil ta vekk pressestøtta. Det var veldig uventa på oss, seier Wåge.

Visste ikkje om forslaget

Bjørn Lødemel

VAR UVENTA: Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) forslaget kom overraskande på han.

Foto: Alf Vidar Snæland

Og uventa var også framlegget også for stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H).

– Det har blitt sendt ut ei sak med høyringsfrist allereie i januar. Det kom overraskande på meg, seier han.

Erling Wåge synest kuttforslaget frå regjeringa verkar tilfeldig.

– Det verkar som eit desperat forsøk frå regjeringa på å finne pengar til alle dei løfta og lovnadane som er gjort.

Rammar sterkt i Sogn og Fjordane

Bjørn Lødemel seier Wåge bør halde seg for god til å seie slikt.

– Regjeringa skal lage ny politikk på mange område og det er utolmodigheit til å få på plass ting. At dette er eit desperat forsøk, vil eg tilbakevise, seier han.

Lødemel understrekar at det er eit framlegg og at han vil ta med seg innspela frå redaktørane i høyringsprosessen.

– Det er aviser mellom 4000 og 6000 abonnentar og dette vil treffe veldig sterkt i Sogn og Fjordane. Dette skal eg ta med meg. Høgre ønskjer eit medie-mangfald, det er eit viktig i arbeidet vidare for min del.

Men Svend Arne Vee i Firdaposten trur ikkje framlegget vil føre med seg noko godt.

– Om vi i Norge ønskjer å halde oppe ei posisjon som eit av verdas mest avislesande folk, er ikkje dette noko bidrag frå den nye regjeringa i alle fall, seier han.