NRK Meny
Normal

Redaktørar fryktar avisdød etter forslag om post-kutt

Avisredaktørar fryktar avisdød etter at det i dag vart det kjend at Posten støttar forslaget frå Regjeringa om å redusere tal dagar med postombering.

Postmann henter post

ANNANKVAR DAG: Frå og med 2020 vil posten berre bli levert annankvar dag, det er i alle fall forslaget frå Regjeringa som Posten no støttar.

Foto: Birger Kjølberg / NRK

– Dette gjeld ikkje berre for Sogn Avis, men for alle aviser som kjem ut på papir. Det er ei varsla katastrofe, seier redaktør i Sogn Avis, Jan Inge Fardal.

Er dette døden for papiravisa?

– Ja, det er i alle fall svært alvorleg om dette går gjennom, seier redaktøren som også er leiar for redaktørforeininga på Vestlandet.

Jan Inge Fardal

ALVORLEGE KONSEKVENSAR: Redaktør i Sogn Avis, Jan Inge Fardal, trur det får alvorlege konsekvensar for avisene om posten ikkje skal levere kvar dag.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Digitaliseringa kjem, men det er framleis så mange rundt om som krev å få papiravisa i postkassa, seier Fardal.

Tek ikkje posten samfunnsansvaret sitt på alvor?

– Nei, ikkje i nærleiken om dei gjer dette. Ein ting er lokalavisa, men kva med dei som får medisinane sine med posten. Dette er eit angrep på distriktet og dei som ikkje kan oppsøke postkontoret på ein grei måte.

Redaktøren meiner politikarane og Posten ikkje berre kan gløyme desse.

– Eg sette min lit til at det finst politikarar som ser kor gale det blir om vi gjer dette allereie frå 2020.

Posten førebur seg på framtida

– Bakgrunnen er digitaliseringa. Frå og med neste år vil det berre vere tre brevsendingar til kvar husstand i veka. Då blir det ikkje berekraftig å gå med postombering fem dagar i veka, seier Elisabeth Gjølme, kommunikasjonsdirektør i Posten.

Elisabeth Gjølme, Posten Norge

MÅ PRIORITERE: Kommunikasjonsdirektør Elisabeth Gjølme seier Posten med dette forslaget tek ansvar for å unngå store samfunnskostnadar i framtida.

Forstår de at forslaget møter motstand i distrikta?

– Ja, vi forstår at det for enkelte vil skape utfordringar, deriblant for avisene. Vi trur det finst betre løysingar for å dekke desse spesifikke behova framfor å framleis ha fem dagar med postombering med kostnadane det har, seier Gjølme.

Ho seier berre 15 prosent av avisene i dag nyttar Posten til levering, samtidig som at digitaliseringa endrar behovet til avisene.

Ifølge Posten vil dagens leveringsordning koste ein milliard kroner på statsbudsjettet frå og med 2025.

Må kompensere med breiband

– Vi har 2800 aviser som kvar dag blir levert av Posten til lesarane våre. Dette utgjer ein tredjedel av papiropplaget vårt. Så denne omlegginga vil vere veldig negativ for både oss og lesarane våre, seier konstituert redaktør i Firda, Marie Havnen.

Ho meiner infrastrukturen i distrikta ikkje er god nok til å seie at det digitale alternativet er godt nok.

– Ein bør jo spørje seg om ein burde bygge ut breiband samstundes som ein bygger ned tilbodet på postombering, seier Havnen.

Kva trur du lesarane til Firda tenker om framlegget?

– Eg trur dei som blir råka av dette synest det er forferdeleg kjedeleg. Kanskje føler dei seg utestengd frå samfunnet når dei ikkje får oppdatert seg med papiravisa som i dag. Spesielt dei som ikkje har breiband eller høve til å vere på internett, seier Havnen.

Vegopning på Bergum i Førde kommune