Hopp til innhold

Redaktør langar ut mot Møre og Romsdal

Redaktør Bengt Flaten i Fjordingen i Stryn langar ut mot Møre og Romsdal. Det er navlebeskuande og ulogisk av Møre og Romsdal å nekte å endre fylkesgrensa medan alle andre må inn i nye regionar, meiner redaktøren.

Redaktør for Fjordingen

Redaktør Bengt Flaten i avisa Fjordingen i Stryn er mektig provosert over at Møre og Romsdal nektar å diskutere noko som helst endring av fylkesgrensene.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Medan Sogn og Fjordane har inngått intensjonsavtale om å slå seg saman med nabofylka Hordaland og Rogaland, har Møre og Romsdal stått fast på at fylket må bestå som i dag.

Innan utgangen av året må fylkestinga kome med sine endelege vedtak i saka, og Flaten håper at både Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal endrar standpunkt.

– Dei tette banda mellom Nordfjord og Sunnmøre gjer det avgjerande viktig å få dei to områda i same storregion, seier Flaten.

Nokon må seie frå om at Møre og Romsdal ikkje kan spele solo lenger.

Bengt Flaten

Oppdeling av fylka

Avisredaktøren meiner Sogn og Fjordane vil falle fullstendig gjennom i eit nytt stort vestlandsfylke. I staden vil han ha Sunnmøre, Sogn og Fjordane og Hordaland i eit felles fylke. Det andre alternativet han ser føre seg er å innlemme Nordfjord i eit nytt Møre, Romsdal og Nordfjord fylke.

Likar ikkje strategien

Flaten er provosert over at Møre og Romsdal, med fylkesordførar Jon Aasen (Ap) i spissen, har stått steilt på at det er uaktuelt å endre fylkesgrensene.

– Eg likar ikkje strategien til Møre og Romsdal. Alle andre rundt dei skal slå seg saman, men ikkje dei. Det er navlebeskuande og held ikkje, seier Flaten.

Flaten meiner nokon som står over fylkesordførar Jon Aasen må fortelje han at Møre og Romsdal ikkje kan spele solo medan andre må slå seg saman.

Provosert fylkesordførar

Fylkesordførar Jon Aasen er provosert over utspelet frå Flaten.

Jon Aasen

Fylkesordførar Jon Aasen meiner det er sjølvsagt at Møre og Romsdal må få halde fram som eige fylke.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Utspelet frå avisredaktøren fell på si eiga urimelegheit. Det er heilt meiningslaust å kritisere Møre og Romsdal fordi vi er eit så stort fylke at vi greier oss sjølv. Regionreforma er ikkje noko påbod, men ei frivillig sak om og eventuelt kven ein vil slå seg saman med, seier han.

Vi er ikkje imperealistar. Vi driv ikkje og teiknar nye kart over Sogn og Fjordane og Norge.

Jon Aasen

Kva med å splitte opp anten Møre og Romsdal eller Sogn og Fjordane for å få Nordfjord og Sunnmøre i same region?

– Det einaste ein oppnår er å øydeleggje eit velfungerande fylke som Møre og Romsdal. Vi er ikkje imperialistar. Vi driv ikkje og teiknar nye kart i Norge. Dersom Nordfjord ønskjer å bli ein del av Møre og Romsdal, så må Nordfjord be om det. Noko anna vil vere ei utidig innblanding i eit anna fylke si framtid, seier Aasen.

Usamd

Han er heilt sikker på at Stortinget aldri vil dele Møre og Romsdal med makt.

Flaten er heilt usamd og meier Aasen snarast må sjå realitetane i augo.

– Møre og Romsdal vil bli for små til å stå åleine. Det er merkeleg at Aasen ikkje ser dette, seier Flaten.