Hopp til innhold

Reagerte på kraftig gasslukt

Sidan nyttår har det tidvis vore registert kraftig gasslukt ved Vest Tank sitt anlegg for mottak av oljeavfall i Gulen.

Tankeksplosjon i Gulen.
Foto: Steinar Lote / NRK

Dette fortel styreleiar Helge Haukeland i Gulen og Masfjorden utbyggingsselskap. 

- Det har kome inn meldingar om at det har vore stram gasslukt i området, og særleg etter nyttår, seier han.

Vil ikkje spekulere

Det var torsdag like før klokka 10 sist veke det høyrdest eit frykteleg brak ved Vest Tank sitt anlegg for mottak av oljeavfall i Gulen. Ein av tankane hadde gått i lufta. Like etterpå eksploderte endå ein tank. Ein person vart lettare skadd, men berre flaks gjorde at ikkje liv gjekk tapt. Helge Haukeland fortel at det er fleire som har reagert på sterk gasslukt i området.

- Det er særleg dei som jobbar i området som har reagert, i tillegg til ein del reisande, seier han.

- Trur du denne gasslukta kan ha samanheng med eksplosjonen?

- Nei, det kan eg ikkje spekulere i. Men folk blir jo uroa over slik lukt, i forhold til at gass kan vere farleg, seier han.

Har slite med lukt

Dagleg leiar Jostein Berland ved Vest Tank vedgår at dei har slite med tidvis sterk lukt frå anlegget.

 - Dette er lukt som kjem av petroleumsprodukt, seier han.

- Kva er årsaka til at lukta vart sterkare etter nyttår?

- Vi har kjent lukta sjølve, men markant verre trur eg ikkje det har blitt, seier han.

Berland avviser at gasslukta kan ha noko med eksplosjonane å gjere. Han fortel at Vesttank har henta inn ekspertar frå utlandet for å prøve å finne årsaka til ulukka.