Hopp til innhold

Fødetilbodet heng i ein tunn tråd

Ein ny rapport konkluderer med at ei jordmorstyrt fødestove i Lærdal ikkje vil vere forsvarleg. Sjukehusforkjempar Bente Øien Hauge reagerer skarpt på rapporten.

Bente Øien Hauge

REAGERER: Sjukehusaksjonist Bente Øien Hauge meiner at rapporten frå arbeidsgruppa til Helse Førde langt frå er god nok.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Koordinatoren for rørsla for lokalsjuekhusa i Noreg, satt som tilhøyrar då styret i Helse Førde i dag vart orientert om rapporten som no er lagt fram.

Ho reagerer svært sterkt på at dei kjem fram til at ei jordmorstyrt fødestove ikkje er noko alternativ.

Kritisk til Helse Førde

– Eg får jo ei kjensle av at administrasjonen har ønska ein prosess, som har leia til nedleggjing av fødetilbodet.

Det som ikkje kjem fram i rapporten er at lokale jordmødre tidlegare i sommar starta med entusiasme og fekk utarbeida ei løysing som ville fungere godt og som hadde dekkja alle vakter, seier Øien Hauge til NRK.

Ho mistenkjer at Helse Førde trekkjer ut tida og lanserer det ho meiner er veldig rigide krav til garantiar og løysingar, og faktorar som ho hevdar knapt er oppnåeleg nokon annan stad i landet.

– Det eg ser føre meg som må skje i første omgang er at ein må ta eit grep kring den vurderinga. Eg tykkjer det er veldig påfallande at når ein lagar ei risiko- og sårbarheitsanalyse, så ser ein overhovudet ikkje på den situasjonen når ein får ein fødsel, og det faktisk ikkje er eit fødetilbod i Indre Sogn, sler ho fast.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lærdal sjukehus

FØDETILBOD: Ei arbeidsgruppe meiner at det ikkje er fagleg grunnlag for ei jordmorstyrt fødestove ved Lærdal sjukehus.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Trur på kommunal innsats

Ho fryktar no for framtida for fødetilbod i Indre Sogn, men vonar at kommunane som no skal ha rapporten til høyring tek grep om situasjonen og blir med på laget for å sikra drift av ei jordmorstyrt fødestove.

– Det er klart at fødestova heng i ein tynn tråd når Helse Førde har presentert eit slikt dokument. No vert utfordringa for kommunane å få på bordet alt det som Helse Førde ikkje har skrive om i rapporten. Mellom anna; kva blir situasjonen for høggravide kvinner i Indre Sogn når det ikkje eksisterer eit fødetilbod i ein så stor region, konkluderer Øien Hauge.

God rapport

Styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg, meiner på si side at det arbeidsgruppa har lagt fram er ein veldig god rapport.

Clara Øberg

GODT NØGD: Clara Øberg meiner det er ein god rapport som no vert sendt ut til kommunane.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

– Men vi vil ikkje vedta dette berre på bakgrunn av rapporten. Vi må spørje kva kommunane vil, det er det som er det interessante her. Difor sender vi den ut til kommunane på høyring, der vi spør kor mykje dei trur dei vil bruke dette. Vi spør og Lærdal kommune som har sagt ja til å ta akuttberedskapen, om kva planar dei har for å klare å dekkja heile døgnet heile året.

– Er de spørjande utfrå ein viss tvil om at dette kan late seg realisere?

– Ja, det er klart vi er det. Difor er det viktig at kommunane får sagt det, og setja seg inn i dette. For om ein ser inn i rapporten, så ser ein at av 11 jordmødre, så er det kun fire som seier at dei vil Helse Førde som hovudarbeidsgjevar, seier Øberg.