Hopp til innhold

Reagerer sterkt på Christina-saka

Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) reagerer sterkt på saka til Christina Flåten i Sogndal, og meiner saka må få konsekvensar.

Christina Flåten

OMSORGSSVIKT: Christina Flåten vert dårlegare heile tida, og foreldra skuldar på dårleg oppfølging og manglande kontinuitet i Sogndal kommune.

Foto: NRK

– Me reagerer veldig sterkt på dette. Me har fått mange tilbakemeldingar på saka, og folk er opprørte. Det er ei sak som gjer inntrykk, seier administrerande generalsekretær i FFO, Jarl Ovesen, og held fram:

– Det går ikkje an å behandle Christina Flåten på denne måten.

Manglande behandlingstilbod

– Det er ein grusom situasjon å vere. Nesten umenneskeleg, seier far, Frank Flåten.

I Vestlandsrevyen denne veka kom foreldra til den 17 år gamle jenta med eit fortvila rop. Fram til 2008 var ho frisk og aktiv, men dei siste åra har ho utvikla ein mystisk sjukdom som legar ikkje veit korleis ein skal behandle.

For fire månader sidan var ho på rehabilitering på Nordåstunet i Bergen. Der fekk ho god oppfølging, og lærte å gå att. Men heime i Sogndal vart situasjonen verre, og foreldra meiner det skuldast mangelfull oppfølging og ansvarsfråskriving.

– Dette går så gale at me er redde for livet hennar, seier Flåten.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video e96a2a00-fd92-498c-812b-613a9b2117fd.jpg

SJÅ TV-SAKA: Foreldra til Christina Flåten skuldar kommunen for omsorgssvikt.

Får støtte av Høgre

– Dersom kommunen ikkje sjølv kan kome opp med eit godt nok tilbod, så må dei vurdere å søkje hjelp. Det som er det generelle biletet er at tilbodet varierer sterkt frå kommune til kommune, seier Ovesen i FFO.

Dette er Bent Høie, helsepolitisk talsmann i Høgre, heilt einig i.

– Det er eit problem når kommunen tek utgangspunkt i den kompetansen dei sjølv har, i staden for å sjå på behovet til den pleietrengande. Kommunar kan både etablere tilbod saman med andre kommunar, eller kjøpe eit tilbod direkte frå det private, utan krav om konkurranseutsetjing, seier han, og avsluttar:

– Handling må til, og eg reknar med at lokalpolitikarane i Sogndal tek tak i dette, og ordnar opp.